Per Ivar Fagervoll foto Golden Energy Offshore Services 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
VIL OVERTA SKIP: Golden Energy Offshore Services-sjef Per Ivar Fagervoll har tatt eit nytt steg på vegen mot at selskapet tek over eigarskapen til Energy Empress og Energy Duchess. Foto: Golden Energy Offshore Services
Nytt

Golden-avtale om finansiering

Kan sikre overtaking av to skip for Ålesund-reiarlaget.

22.06.2022

Golden Energy Offshore Services leiger skipa Energy Empress og Energy Duchess gjennom ein leasingavtale med det kinesiske verftet ROC.

Målet er å ta over eigarskapet til skipa.

No har ROC og offshorreiarlaget i Ålesund kome til semje om ein forlenging av leasingavtalen og betalingsplan, medan selskapet arbeider vidare for å få finansiert ei overtaking av skipa.

Golden Energy Offshore Services skal betale to millionar dollar per skip på forskot innan 28. juni.

15. juli eller seinare, når finansieringa er på plass og det er klart for ein juridisk overføring av eigarskapet skal det betalast 14,75 millionar dollar per skip, ifølgje ei børsmelding.

Publisert: 22.06.2022 10:26

Sist oppdatert: 22.06.2022 15:37

Mer om