Knut flakk energy observer 11
INVESTOR: Knut Flakk og familen er store aksjonærar i både Hexagon Composites og Hexagon Purus. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Opptur på tapt kontroll

Hexagon Composites har gitt frå seg den dominerande eigarposisjonen i Hexagon Purus. Det likte aksjemarknaden.

06.07.2023

Hexagon Composites deler ut aksjar selskapet eig i Hexagon Purus som utbytte til eigne aksjonærar. Det skjer i dag.

Les børsmelding her

Hexagon Composites-eigarane blir dermed direkte eigarar i Hexagon Purus, i staden for å eige Hexagon Purus gjennom Hexagon Composites.

Frå å eige over 70 prosent i Hexagon Purus har Hexagon Composites no ein "ikkje-kontrollerande" eigarandel i selskapet.

Hexagon Compositets lagar tankar og system for bruk at natur- og biogass som energikjelde. Hexagon Purus gjer tilsvarande for hydrogen, men eigarskapet har gjort at dei har vore vanskelg for investorane å skilje dei to.

No blir det lettare, og i dag var Hexagon Composites dagens børsvinnar på Nordvestlandet, medan berre Havila Kystruten fall meir enn Hexagon Purus.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Hexagon Composites 24,76 12,31 %
Arctic Bioscience 10,10 3,70 %
Golden Energy Offshore Services 1,12 2,00 %
Hav Group 9,78 1,45 %
Statt Torsk 0,60 0,00 %
Hofseth Biocare 2,45 0,00 %
Eqva (tidlegare Havyard Group) 2,80 0,00 %
Atlantic Sapphire 6,09 -0,98 %
Sparebanken Møre 76,13 -1,00 %
Norva 24* 24,90 -1,18 %
Endúr 38,20 -1,55 %
Salmon Evolution 6,44 -2,87 %
Havila Shipping 11,74 -2,98 %
Nortel 28,00 -3,45 %
Hexagon Purus 18,82 -4,37 %
Havila Kystruten 1,15 -6,15 %
*Svenske kroner

Publisert: 06.07.2023 17:13

Sist oppdatert: 06.07.2023 17:15