Oslo Børs Foto Marius Rosbach 11
Illustrasjonsfoto: Marius Rosbach
Nytt

Børsdagen: Opptur på tollavtale

Både oljeprisen og aksjekursar steig. Seinare i veka ventar resultatrush frå regionen.

Marius Rosbach
12.05.2025

Sjå børstabell for Nordvestlandet under saka

Oslo Børs opna måndag med oppgang etter at det blei kjent at USA og Kina er samde om tollkutt. USA senker tollen på kinesiske varer frå 145 til 30 prosent, medan Kina kutter satsen frå 125 til ti prosent, skriv Dagens Næringsliv

Det skjer etter at partane møttest til forhandlingar i helga. Satsane skal i første omgang gjelde for de tre månader. 

Hovudindeksen på Oslo børs skaut opp frå start til 1524 poeng. Etter ein time fall indeksen litt tilbake - men steig på nytt utover ettermiddagen. Sluttnivået enda på 1520,32 - opp 0,99 prosent. 

Også oljeprisen skaut opp i løpet av dagen. Ved stengetid vart eit fat nordsjøolje handla for 65,11 dollar - opp 2,20 prosent i løpet av dagen. 

Det var ingen store endringar for dei børsnoterte selskapa frå Nordvestlandet. Arctic Bioscience gjekk mest opp frå eit lågt nivå, medan Hexagon Purus gjekk mest tilbake. 

Utover veka kjem fleire selskap frå regionen med sine tall for 1. kvartal. Salmon Evolution er først ute tysdag morgon. 

Romsdal Sparebank, Endûr, Havila Shipping, Hofseth Biocare og Golden Energy Offshore skal alle legge fram sine tal seinare i veka. 

Sjå børstabell for Nordvestlandet:

SelskapKurs i kroner%-Endring i dag
Arctic Biosciencekr
2,86
10,0 %
Atlantic Sapphirekr                   6,94 -0,83 %
Endúrkr                87,50 0,11 %
Golden Energy Offshore Serviceskr                17,50 0,00 %
Hav Groupkr                   6,88 2,99 %
Havila Kystrutenkr                   1,09 -0,46 %
Havila Shippingkr                   1,25 -1,96 %
Hexagon Compositeskr                19,32 1,15 %
Hexagon Puruskr                   1,50 -3,92 %
Hofseth Biocarekr                   2,12 0,00 %
Norva 24 Group*36,40 kr  -0,14 %
Romsdal Sparebankkr              124,50 -1,08 %
Salmon Evolutionkr                   6,23 0,32 %
Sparebanken Mørekr              102,20 0,20 %
* Kurs i SEK  
   

Publisert: 12.05.2025 10:18

Sist oppdatert: 13.05.2025 16:40

Mer om