Njål sævik nor shipping 2022 foto kjetil 11
GOD UTVIKLING: Havila Shipping-sjef Njål Sævik kan gle seg over positiv utvikling for reiarlaget sin aksjekurs på børsen. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Børsdagen: Oppturen held fram

Havila Shipping dagens vinnar. Berre eitt selskap frå regionen i minus.

Marius Rosbach
07.11.2022

Havila Shipping blei måndagens børsvinnar frå Nordvestlandet. Reiarlagaksjen gjekk opp med heile 17,1 prosent til 16,16 kroner.

Det er ein solid oppgang sidan nivået ved starten av året, men seinast i slutten av august var kursen over 17 kroner.

Også Golden Energy Offshore Services steig med 9,38 prosent til 2,04 kroner måndag.

Hexagon Composites hadde vidare ein god dag på børsen med ein oppgang på 8,65 prosent til 24,88 kroner.

Det einaste av selskapa frå regionen som sank på børsen måndag, var Hofseth Biocare med eit fall på 4,28 prosent til 3,13 kroner.

Hovudindeksen enda med ein oppgang 0,29 prosent til 1.202,74 poeng.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-endring
Havila Shipping 16,16 17,10 % |
Golden Energy Offshore Services 2,04 9,38 %
Hexagon Composites 24,88 8,65 %
Norva24 Group * 32,57 5,06 %
Havyard Group 3,345 4,69 %
Hav Group 9,78 2,95 %
Atlantic Sapphire 6,65 2,54 %
Endúr 33,39 1,78 %
Statt Torsk 2,05 1,49 %
Salmon Evolution 9,51 1,39 %
Hexagon Purus 21,26 1,24 %
Nortel 20,6 0,98 %
Arctic Bioscience 13,75 0,00 %
Sparebanken Møre 73,99 0,00 %
Havila Kystruten 17,45 0,00 %
Hofseth Biocare 3,29 -4,28 %
*I svenske kroner - selskapet er registert på Stockholms-børsen.

Publisert: 07.11.2022 17:01

Sist oppdatert: 07.11.2022 17:19