Børsdagen: Optimistiske tonar frå Miami
Skal snart legge problema bak seg. Men investorane sende kursen ned.
Der Salmon Evolution har hatt minimalt med problem i produksjonen i sitt landbaserte anlegg i Indre Harøy på Romsdalskysten, har Atlantic Sapphire hatt mange i sitt anlegg ved Miami i Florida.
I fjor måtte Atlantic Sapphire få på plass betre filter for å rense vatnet, og utbetre kjølesystemet for å få vatnet kaldt nok.
Begge deler gjekk ut over kvalitet og veksten til laksen, men i løpet av andre kvartal i år skal all laksen som vart råka av problema i fjor vere slakta ut.
Etter at anlegget vart utbetra, har vekst og kvalitet innfridd eller overgått forventingane, ifølgje ei børsmelding med oppdatering av status for Atlantic Sapphire etter første kvartal.
(saka held fram under)
Atlantic Sapphire ASA | ||
Tal i mill. dollar | 2023 | 2022 |
Driftsinntekt | 14,0 | 19,0 |
Driftsresultat | -126,2 | -62,3 |
Resultat før skatt | -133,8 | -65,0 |
I og med at selskapet framleis slaktar laks med dårlegare kvalitet og vekst, vil den økonomiske gevinsten i form av høgare prisar først kome for fullt i tredje kvartal.
Deretter gjenstår å få opp produksjonen og utvide anlegget med andre byggesteg.
Børsmeldinga vart sendt ut torsdag ettermiddag - og aksjekursen fall fredag.
Ved slutten av dagen var oppdrettsselskapet dagens tapar av dei børsnoterte selskapa frå Nordvestlandet med eit fall på nær fem prosent (sjå tabell under).
Sluttkursen på 0,91 kroner er nær botnrekord og meir enn 40 prosent under kursen ved starten av 2024.
I andre kvartal i år reknar Atlantic Sapphire å slakte omlag 1000 tonn sløyd og hovudkappa laks. Til samanlikning reknar Salmon Evolution med å slakte mellom 1600 og 1800 tonn i andre kvartal.
Les også
Atlantic Sapphire blei etablert av dagleg leiar Johan Andreassen og Bjørn-Vegard Løvik. Begge sin eigarandel er kraftig utvatna etter fleire store kapitalinnhentingar, men hovudkontoradressa er framleis i Vikebukt i Vestnes sjølv om verksemda går føre seg i USA.
Atlantic Sapphire sitt anlegg ved Miami er eit såkalla resirkuleringsanlegg, der vatn blir rensa og bruk om att. Salmon Evolution har eit gjennomstrøymingsanlegg der sjøvatn.
Børstabell for Nordvestlandet:
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Havila Shipping | kr 7,70 | 4,76 % |
Sparebanken Møre | kr 84,19 | 3,17 % |
Arctic Bioscience | kr 10,20 | 2,51 % |
Norva 24 Group* | 26,00 kr | 1,76 % |
Havila Kystruten | kr 0,79 | 1,28 % |
Golden Energy Offshore Services | kr 1,68 | 1,20 % |
Romsdal Sparebank | kr 109,20 | 0,18 % |
Salmon Evolution | kr 6,89 | 0,00 % |
Endúr | kr 48,55 | -0,72 % |
Hav Group | kr 8,80 | -2,22 % |
Hofseth Biocare | kr 2,15 | -2,27 % |
Hexagon Purus | kr 5,15 | -3,38 % |
Hexagon Composites | kr 16,84 | -3,77 % |
Atlantic Sapphire | kr 0,91 | -4,93 % |
* Kurs i SEK | ||
Publisert: 19.04.2024 10:53
Sist oppdatert: 19.04.2024 17:02