Christer Valderhaug Converto foto Ogne
EIT STEG PÅ VEGEN: Arctic Bioscience-sjef Christer Valderhaug har fått rekruttert første av 519 deltakarar i internasjonal medisinsk studie. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Pasient løfta aksjekursen

Første testdeltakar i internasjonal studie auka verdien av selskapet med 14,6 millionar kroner.

01.02.2023

Arctic Bioscience i Ørsta utviklar eit legemiddel mot hudsjukdomen psoriasis, basert på silderogn.

I januar melde selskapet at det hadde fått startsignal frå britiske styresmakter for å sette i gang ein større internasjonal medisinsk studie.

I dag melde selskapet at den første pasienten i studien er rekruttert. I alt 519 personar frå fem land - Storbritannia, Tyskland, Polen, Finland og Noreg - skal vere med i studien. Innan seks månader skal siste deltakarane vere rekruttert, og omlag eitt år frå no vil dei første resultata av studien vere klare.

Les børsmelding her

I aksjemarknaden vart børsmeldinga, som kom før børshandelen opna i dag, godt mottatt. Ved børsslutt i går var kursen 10,20 kroner aksjen. Like etter børsopning var aksjekursen oppe i 12,50 kroner aksjen, før den fall ned igjen og slutta på 10,80 kroner, ein auke på 5,88 prosent i høve til i går.

Det auka børsverdien av selskapet med 14,8 millionar kroner, til 263 millionar kroner.

Å få klarsignal for studien fjerna risikoen for at selskapet ikkje fekk den naudsynte godkjenning for å sette i gang med studien. Å få rekruttert den første pasienten til studien reduserer uvissa hos investorane om selskapet greier å rekruttere nok personar til å gjennomføre studien. Difor er dette relevante meldingar til aksjemarknaden, seier administrerande direktør Christer Valderhaug i Arctic Bioscience til NETT NO.

For selskapet er forventninga at den medisinske studien skal ende opp med funn som til slutt gjer at Arctic Bioscience får godkjent produktet som eit legemiddel.

Dit fram er det eit godt stykke. Dagens melding er ein av fleire milepælar som må passerast, der kvart resultat kan ha betydning for kursutviklinga i selskapet.

Den medisinske studien som er i gang no skal etterfølgjast av nok ein studie. Om alt klaffar kan ei endleg avklaring kome i 2026.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Hav Group 10,80 11,92 %
Arctic Bioscience 10,80 5,88 %
Hexagon Composites 35,00 4,35 %
Eqva (tidlegare Havyard Group) 2,95 3,51 %
Hexagon Purus 26,62 1,91 %
Havila Kystruten 10,80 1,41 %
Endúr 27,48 0,66 %
Sparebanken Møre 82,15 0,10 %
Nortel 22,40 0,00 %
Hofseth Biocare 3,02 -0,33 %
Norva 24* 35,84 -0,44 %
Salmon Evolution 8,04 -1,59 %
Atlantic Sapphire 10,02 -1,76 %
Statt Torsk 1,61 -1,83 %
Havila Shipping 20,00 -2,91 %
Golden Energy Offshore Services 1,50 -3,23 %
*Svenske kroner

Publisert: 01.02.2023 16:48

Sist oppdatert: 01.02.2023 17:05

Mer om