Onsdag er det brei nedgang på Oslo Børs, med hovudindeksen ned 0,94 prosent.
Kjempekontrakt til Hexagon Composites
Onsdag morgon melde Hexagon Composites at dei har signert avtalar om å levere mobile gasstankar og system for frakting av biogass til ein større kunde i Nord-Amerika. Kontraktene har ein verdi på om lag 310 milionar kroner.
Kursen stig 4,54 prosent, og aksjen omsetjast for 26,70 kroner.
Les også
Dagens børsvinnar
Reiarlaget og PSV-selskapet Golden Energy Offshore Services har hovudsete i Ålesund, og er dagens børsvinnar. Selskapet driv charterverksemd av dei tre heileigde skipa Energy Duchess, Energy Empress og Energy Swan, og har i følgje seg sjølv ein av dei mest moderne, energieffektive og fleksible flåtane for olje- og gass, og fornybar offshorenæring.
Aksjen stig 8,6 prosent, og handlast for 1,24 kr per aksje.
Nedgang for Kystruten
Havila Kystruten er noko ned onsdag, etter kurshoppet dei siste dagane.
Aksjen handlast for 1,85 kr, ned 2,63 prosent frå gårsdagens sluttkurs.
Den siste veka har aksjen auka kursverdien med 52,1 prosent.
Saka er oppdatert etter handelsdagen er over, mellom anna med børstabell og endelege kursar.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Golden Energy Offshore Services | kr 1,24 | 8,60 % |
Hexagon Composites | kr 26,70 | 4,54 % |
Hexagon Purus | kr 21,30 | 4,41 % |
Arctic Bioscience | kr 10,05 | 2,97 % |
Norva 24 Group* | kr 26,85 | 2,29 % |
Hofseth Biocare | kr 3,08 | 1,65 % |
Nortel | kr 26,80 | 1,52 % |
Hav Group | kr 10,30 | 0,49 % |
Sparebanken Møre | kr 76,50 | 0,00 % |
Statt Torsk | kr 0,56 | 0,00 % |
Atlantic Sapphire | kr 6,04 | -0,17 % |
Salmon Evolution | kr 6,64 | -0,30 % |
Endúr | kr 40,00 | -0,50 % |
Havila Kystruten | kr 1,85 | -2,63 % |
Havila Shipping | kr 12,84 | -3,46 % |
Eqva (tidl. Havyard Group) | kr 2,72 | -3,89 % |
* Kurs i SEK |
Publisert: 26.07.2023 16:24
Sist oppdatert: 26.07.2023 17:22