Børsdagen: Rekyl etter kurskollaps
Fredagens tapar er dagens vinnar.
Aksjekursen i torskeoppdrettselskapet Statt Torsk blei nesten halvert fredag, etter melding og prisfall på torsken og revurdering av salstrategien.
I dag er Statt Torsk ein av vinnarane på Oslo Børs. Ved børsslutt er kursen opp 26,53 prosent, og det har vore handla relativt store postar i selskapet gjennom heile dagen.
Kurshoppet er truleg meir ein rekyl etter det store fallet fredag, enn ein konsekvens av at aktørane i marknaden har fått ny tru på selskapet. Bortsett frå fredag i førre veke har selskapet trass alt aldri blitt vurdert til å vere mindre verdt enn i dag.
Havila Kystruten melde fredag etter børsslutt at selskapet hadde fått rydda eit nytt hinder av vegen for å få refinansiert selskapet og få sett dei to siste av i alt fire gods- og passasjerskipa i rute mellom Bergen og Kirkenes. Britiske styresmakter har gitt klarsignal til at britiske långivarar kan vere med på ei refinansiering. Det som manglar no er at også amerikanske styresmakter gjer det same - og at refinansieringa kjem på plass.
Refinansieringa skal erstatte den opphavlege finansieringa, frå det statseigde russiske finansieringsselskapet GTLK - som er omfatta av sanksjonene på grunn av krigen mot Ukraina.
Rett etter børsopning i dag spratt Havila Kystruten-kursen frå 7,78 kroner til 8,60 kroner aksjen, men fall raskt ned igjen. Ved børsslutt er kursen 7,96 kroner aksjen, etter eit lite løft på slutten av dagen.
Artikkelen er oppdatert, mellom anna med kursar for selskap på Nordvestlandet, etter børsen har stengt.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Statt Torsk | 0,62 | 26,53 % |
Hofseth Biocare | 3,30 | 5,77 % |
Endúr | 43,50 | 3,08 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,10 | 2,80 % |
Havila Kystruten | 7,96 | 2,31 % |
Arctic Bioscience | 11,00 | 1,85 % |
Hav Group | 10,50 | 0,94 % |
Sparebanken Møre | 77,50 | 0,65 % |
Eqva (tidlegare Havyard Group) | 3,20 | 0,63 % |
Atlantic Sapphire | 4,75 | 0,42 % |
Nortel | 33,00 | 0,00 % |
Norva 24* | 28,10 | -0,35 % |
Salmon Evolution | 6,83 | -1,16 % |
Hexagon Purus | 21,40 | -1,38 % |
Hexagon Composites | 29,62 | -2,50 % |
Havila Shipping | 15,06 | -2,84 % |
*Svenske kroner |
Publisert: 08.05.2023 16:09
Sist oppdatert: 08.05.2023 16:55