Kvartalsrapporten til Hexagon Purus for første kvartal 2025 blei offentleg klokka 07:00 i dag tidleg. Den fortalde om eit inntektsfall på 44 prosent og meir enn dobling av underskotet, samanlikna med første kvartal i år. Selskapet ventar eit tøft år og fortel om uvisse utsette investeringar etter at Donald Trump tok over som president i USA.
Med han forsvann også den politiske viljen til å hjelpe fram hydrogen som ein energiberar utan CO2-utslepp. Hexagon Purus lagar tankar og system for hydrogen, og Trump sin politikk har allereie ført til at selskapet har nedbemanna tidlegare i år. No varslar selskapet nye kostnadkutt, mellom anna på grunn dei negative følgjene av den auken i tollen til USA, som Trump har varsla.
Dette var ein bodskap aksjespekulantane ikkje likte og kursen til Hexagon Purus-aksjen fall over 23 prosent då børshandelen opna. Deretter blei litt av det tapte hente inn og kursen enda på 1,56 kroner aksjen, som er ned 8,24 prosent samanlikna med sluttkursen i går. Det er 72,14 prosent lågare enn ved staten av 2025 og verdset selskapet til 668 millionar kroner.
Artikkelen er oppdatert, mellom anna med aksjekursar for selskap på Nordvestlandet, etter at børsen stengte i ettermiddag.
| Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
| Arctic Bioscience | 3,40 | 0,59% |
| Atlantic Sapphire | 6,40 | -3,03% |
| Endúr | 85,20 | -0,93% |
| Golden Energy Offshore Services | 17,45 | -0,29% |
| Hav Group | 6,80 | 0,00% |
| Havila Kystruten | 1,07 | -0,93% |
| Havila Shipping | 1,23 | -1,99% |
| Hexagon Composites | 18,08 | -3,93% |
| Hexagon Purus | 1,56 | -8,24% |
| Hofseth Biocare | 2,00 | 5,82% |
| Norva 24 Group* | 36,45 | 0,27% |
| Romsdal Sparebank | 125,00 | 2,88% |
| Salmon Evolution | 6,00 | -0,50% |
| Sparebanken Møre | 98,85 | -1,15% |
| * Kurs i SEK | ||
Publisert: 06.05.2025 09:24
Sist oppdatert: 06.05.2025 16:56






