Sjå børstabell for Nordvestlandet under saka
Golden Energy Offshore Services-aksjen blei dagens børstapar frå regionen med eit fall på nær 25 prosent. Sluttkursen vart 17,25 kroner. Også onsdag var ein tung dag for offshorereiarlaget med hovudkontor i Ålesund.
Fallet torsdag kjem etter at Clarksons Securities kutter kursmålet kraftig og rår investorane til å kvitte seg med aksjen.
I analysen blir kursmålet barbert med 60 prosent til 15 kroner, skriv Finansavisen.
Årsaka er at meklarhuset meiner selskapet ligg an til å hamne i gjeldsproblem neste år.
«På våre estimater vil Golden Energy ikke være i stand til å betjene gjelden sin fullt ut fra og med første kvartal 2025, og vi har kun inkludert rentebetalinger, ikke avdrag, fra og med dette tidspunktet og fremover», heiter det i analysen.
Netto renteberande gjeld for reiarlaget er på 942 millionar kroner og meklarhuset trur ikkje selskapet vil klare å komme opp på eit ratenivå på 18.500 dollar dagleg, som skal vere behovet for å handtere gjelda, skriv avisa.
Reiarlaget leverte onsdag rapport for tredje kvartal som viste tredobling av inntektene. Høge finanskostnader gjer likevel at rekneskapen så langt viser eit betydeleg underskot. Før rapporten blei lagt fram, vart aksjen handla til 25.10 kroner.
Hovudindeksen på Oslo børs steig torsdag med 0,87 prosent til 1464,83 poeng.
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Hexagon Purus | kr 5,00 | 3,10 % |
Atlantic Sapphire | kr 0,08 | 2,22 % |
Sparebanken Møre | kr 93,47 | 0,69 % |
Endúr | kr 63,00 | 0,64 % |
Salmon Evolution | kr 6,56 | 0,31 % |
Romsdal Sparebank | kr 123,98 | 0,00 % |
Hav Group | kr 8,50 | 0,00 % |
Hexagon Composites | kr 44,30 | 0,00 % |
Norva 24 Group* | 25,90 kr | -0,58 % |
Havila Kystruten | kr 0,47 | -1,87 % |
Arctic Bioscience | kr 2,08 | -2,80 % |
Hofseth Biocare | kr 1,30 | -2,99 % |
Havila Shipping | kr 2,56 | -3,21 % |
Golden Energy Offshore Services | kr 17,25 | -24,67 % |
* Kurs i SEK | ||
Publisert: 21.11.2024 17:02
Sist oppdatert: 21.11.2024 17:02