Christian Pritchard foto Ogne
SLUTT: Nortel-sjef Christian Pritchard har søkt om at selskapet blir stroke frå notering på Oslo Børs.
Nytt

Børsdagen: Slutt for Nortel på Oslo Børs

Etter knappe tre år er det slutt for Nortel som børsnotert selskap.

22.09.2023

Mobiltelefonselskapet Nortel skulle legge fram halvårsrapporten for 2023 i dag. I staden kom børsmeldinga om at selskapet har søkt om å bli stroke frå handel på Oslo Børs.

Søknaden er ein konsekvens av at Nortel er seld til konkurrenten Unifon som snart vil tvanginnløydse dei få aksjonærane som enno ikkje har takka ja til bodet.

Unifon gav 27,50 kroner aksjen, som verdsette Nortel til 517 millionar kroner.

Utan Nortel er NETT NO si liste over børsnoterte selskap på Nordvestlandet redusert til 15. Klikk på lenka under for å sjå korleis det gjekk med selskapa i 1. halvår i år.

I dag var Hexagon Purus dagens tapar blant dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet, med eit kursfall på 7,03 prosent. Dagens kurs, 16,10 kroner aksjen, er årets botnnotering.

Hexagon Purus lagar tankar og system for bruk av hydrogen som energiberar, i skip, tog, bussar og bilar. Selskapet vart skilt ut frå Hexagon Purus og børsnotert i desember 2020 til 40 kroner aksjen. Då var det boom på børsen for alt som kunne kallast grønt. I starten av januar 2021 nådde selskapet toppnoteringa på 82,10 kroner aksjen. Eitt år etter vart selskapet handla til 15 kroner aksje, som er botnnotering.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Hofseth Biocare 3,09 2,66 %
Atlantic Sapphire 1,72 2,14 %
Havila Kystruten 1,09 0,93 %
Norva 24 Group* 19,50 0,72 %
Hav Group 9,20 0,66 %
Statt Torsk 0,65 0,31 %
Sparebanken Møre 78,70 -0,28 %
Havila Shipping 9,65 -1,23 %
Salmon Evolution 6,34 -1,55 %
Hexagon Composites 3,64 -1,58 %
Eqva (tidl. Havyard Group) 2,79 -1,76 %
Golden Energy Offshore Services 1,08 -1,82 %
Endúr 40,20 -1,95 %
Arctic Bioscience 9,50 -5,00 %
Hexagon Purus 16,10 -7,26 %
* Kurs i SEK

Publisert: 22.09.2023 17:00

Sist oppdatert: 22.09.2023 17:04

Mer om