Trond Lars Nydal Sparebanken Møre foto Ogne
AUKA LØNSEMD: Sparebank Møre-sjef Trond Lars Nydal driv det mest lønsame av dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Bank og offshore berga plussresultat

Mest minus blant børsselskapa første halvår. Sjå resultatoversikt.

16.09.2023

Auka overskot hos Sparebanken Møre og Havila Shipping løfta det samla resultatet til dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet over null i første halvår.

Men det er minusteikna som dominerer på resultatoversikta til dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet (sjå tabell under).

Ingen selskap som gjekk i minus i første halvår i fjor, kom på pluss-sida i første halvår i år. Eitt selskap - Endúr - gjekk frå pluss til minus.

Tala etter 1. halvår liknar mykje på korleis det såg ut etter første kvartal i år, og etter 2022.

Havila Shipping og Sparebanken Møre auka overskotet, både i kroner og i prosent. Det var nok til å gir overskot samla sett for selskapa frå regionen.

Hexagon Purus, Havila Kystruten og Atlantic Sapphire drog den andre vegen.

(Nortel-resultatet for 1. halvår er ikkje klart. Selskapet er kjøpt opp av konkurrenten Unifon og skal bli tatt av børs, red. anm.)

Saka held fram under tabellen

Selskap på Nordvestlandet
1. halvår. i mill. kroner
Driftsinntekt Res.f.skatt
2023 2022 2023 2022
Hexagon Composites 2497,6 1946,7 37,3 33,9
Norva 24 1504,0 1134,9 122,5 100,3
Sparebanken Møre** 1043,0 789,0 604 445
Endúr 1028,6 1249,6 -35,5 2,9
Havila Shipping 581,0 435,2 112,9 17,4
Hexagon Purus 573,5 369,2 -304,6 -242,9
Eqva 427,4 129,3 -2,4 -17,6
Hav Group 310,6 358,7 45,5 21,4
Havila Kystruten 288,6 113,6 -315,9 -233,8
Hofseth Biocare 121,2 56,6 -32,1 -64,1
Statt Torsk 78,8 8,6 -23,3 -15,3
Golden Energy Offshore Services 77,8 59,9 -3,9 -86,5
Salmon Evolution 63,7 19,5 -48,8 -25,0
Arctic Bioscience 19,1 14,4 -20,7 -14,9
Atlantic Sapphire* 8,1 9,70 -48,4 -14,5
Sum 8623,0 6694,9 86,6 -93,7
*Tal i mill. US dollar
**Bank. Tal i kolonna for driftsinntekt er netto rente-, provisjon og andre inntekter

Flest med kursfall
Hexagon Composites er kursvinnar så langt i år blant dei børsnoterte selskapa frå Nordvestlandet. Selskapet har stige nesten 73 prosent og fredagens sluttkurs verdsette selskapet til 7,3 milliardar kroner,

I tillegg til Hexagon Composites kan aksjonærane i Endúr, Nortel, Hav Group og Eqva glede seg over kursoppgang sidan årsskiftet.

Ellers er det minusteikn framfor kursutviklinga, med Havila Kystruten sin kursnedgang på nesten 90 prosent sidan årsskiftet som den verste.

Les dei siste resultatsakene for selskapa på Nordvestlandet:

Les også

Børsnoterte selskap på Nordvestlandet
Kursutvikling hittil i år
Endring i prosent
Hexagon Composites 72,97 %
Endúr 25,83 %
Nortel 13,51 %
Hav Group 5,88 %
Eqva 0,34 %
Hexagon Purus -6,67 %
Sparebanken Møre -8,07 %
Hofseth Biocare -8,51 %
Golden Energy Offshore Services -17,46 %
Arctic Bioscience -20,17 %
Havila Shipping -21,16 %
Salmon Evolution -21,64 %
Norva 24 * -34,37 %
Statt Torsk -66,96 %
Atlantic Sapphire* -77,77 %
Havila Kystruten -89,77 %
* I svenske kroner

Publisert: 16.09.2023 05:00

Sist oppdatert: 16.09.2023 01:09

Mer om