Atlantic Sapphire fekk laurdag på plass eit brulån som gir selskapet pusterom i nokre veker.
Samtidig melde dei om eit mogleg bod på selskapet frå ei investorgruppe som kontrollerer om lag 63 prosent av aksjane og 93 prosent av det konvertible lånet.
Det blir indikert ein pris på 0,8 kroner per aksje for alle aksjar dei ikkje allereie kontrollerer, ifølgje børsmeldinga. Det er ei auke frå tidlegare, då det vart signalisert eit bod på 0,5 kroner per aksje.
Prisar selskapet til 30 millionar
Bodet prisar selskapet til i underkant av 30 millionar kroner.
Det blir ikkje opplyst kven som står bak bodet. Det er likevel rimeleg å tru at Petter Stordalen, Johannson-familien og Nordlaks – som tidlegare har gått inn med pengar - er blant dei.
Bergingsplanen som er skissert inneber ny kapital og ei omfattande omstrukturering. Eit mogleg scenario er ein emisjon på 0,10 kroner per aksje, der både brulån og eksisterande gjeld kan bli konvertert.
Treng løysing innan 15. mai
Brulånet gir selskapet pusterom til 15. mai. Då er planen å forlenge lånet – om ein kjem i mål om ei vidare finansiering.
Utviklinga er eit dramatisk fall for selskapet som har vore løfta fram som eit industrieventyr innan landbasert oppdrett.
Ein rekke kjente investorar har gått inn pengar i fleire omgangar. Løysinga som no ligg på bordet, vil føre til ei ny kraftig utvatning og tap for dagens aksjonærar.
Aksjekursen stupte
Aksjekursen fall 60 prosent fredag etter at selskapet melde at dei vil trengde meir pengar enn tidlegare signalisert – og bodet på 0,5 kroner per aksje.
Måndag stabiliserte aksjekursen seg kring 1,20 kroner aksjen. Sluttkursen vart 1,12 kroner, som utgjorde eit fall på drygt 8 prosent i løpet av dagen.
Børsverdien for selskapet måndag var drygt 40 millionar kroner.
| Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
| Arctic Bioscience | 3,46 | 6,79 % |
| Atlantic Sapphire | 1,119 | -8,13 % |
| Endúr | 101,80 | -0,39 % |
| Golden Energy Offshore Services | 9,14 | -2,56 % |
| Hav Group | 9,14 | -1,72 % |
| Havila Kystruten | 49,90 | 0,81 % |
| Havila Shipping | 1,40 | 9,38 % |
| Hexagon Composites | 9,64 | 6,05 % |
| Hexagon Purus | 1,06 | 0,00 % |
| Hofseth Biocare | 1,45 | 0,00 % |
| Tinde Sparebank | 115,96 | 0,91 % |
| Salmon Evolution | 4,805 | 3,45 % |
| Sparebanken Møre | 116,20 | 2,38 % |
Publisert: 30.03.2026 10:48
Sist oppdatert: 31.03.2026 16:45






