Trond Teigene Sparebanken Sogn og Fjordane
NY ALLIANSE: Administrerande direktør Trond Teigene og Sparebanken Sogn og Fjordane kjem innunder Sparebank 1-alliansen. Foto: Sparebanken Sogn og Fjordane
Nytt

Børsdagen: Sogn og Fjordane inn i ny allianse

Tar første steg inn i Sparebank 1-samarbeidet.

Marius Rosbach
24.04.2024

Sjå børstabell for Nordvestlandet under

Første del av Sogn og fjordane Sparebank sitt inntog i Sparebank 1-alliansen blir gjennomført 2. mai. Det opplyser banken i ei børsmelding rundt stengetid onsdag.

Frå den datoen går banken inn om eigar av 13 prosent i SpareBank 1 Samspar As og Samarbeidende Sparebanker Utvikling DA.

– Med dette trer Sparebanken Sogn og Fjordane inn i store delar av samarbeidet i Samspar og Sparebank 1-alliansen, utan at banken på dette tidspunkt trer inn i forsikringssamarbeidet i SpareBank 1-alliansen eller som eigar i Samarbeidende Sparebanker As, blir det opplyst.

Avgjerda om å investere 630 millionar kroner blei meldt i april i fjor, og omtala av banksjef Trond Teigene det som den «største milepålen i banken på 35 år».


Banken blir den sjette største banken i Sparebank 1-alliansen med en eigardel på 13 prosent. Den lokale eigarskapen via stiftingane og kontorstrukturen vil vere som før.

Det betyr at banken framleis vil vere eigd av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Sparebankstiftinga Fjaler og tilsette i banken. Og som i dag vil gåver frå overskotet bli delt ut til lokalsamfunnet. Sparebanken Sogn og Fjordane vart etablert i 1988, men har røter tilbake til 1842.

Elles var det ikkje dei store hendingane for dei børsnoterte selskapa frå Nordvestlandet onsdag.

Havila Kystruten blei dagens vinnar og Golden Energy Offshore Services held fram oppgangen etter tysdagens nyheit om den nye fondseigaren. Artctic Bioscience var dagens tapar på børsen av selskapa frå regionen.

Hovudindeksen slutta opp med over ein prosent til 1353,28 poeng.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Havila Kystruten kr 0,81 4,55 %
Golden Energy Offshore Services kr 1,87 2,19 %
Sparebanken Møre kr 86,49 1,43 %
Salmon Evolution kr 6,96 0,87 %
Romsdal Sparebankkr 110,000,82 %
Hofseth Biocare kr 2,20 0,46 %
Hexagon Composites kr 17,04 0,35 %
Atlantic Sapphire kr 0,87 0,23 %
Hexagon Purus kr 4,98 -0,20 %
Norva 24 Group* 25,25 kr -0,98 %
Havila Shipping kr 7,20 -1,37 %
Endúr kr 47,40 -1,56 %
Hav Group kr 9,10 -2,99 %
Arctic Bioscience kr 9,85 -5,29 %
* Kurs i SEK

Publisert: 24.04.2024 17:19

Sist oppdatert: 24.04.2024 19:13

Mer om