Trond Teigene Sparebanken Sogn og Fjordane
NY ALLIANSE: Administrerande direktør Trond Teigene og Sparebanken Sogn og Fjordane kjem innunder Sparebank 1-alliansen. Foto: Sparebanken Sogn og Fjordane
Nytt

Kjøper seg inn i Sparebank 1-alliansen

– Den største milepålen i banken på 35 år, seier banksjef

Marius Rosbach
26.04.2023

Sparebanken Sogn og Fjordane investerer 630 millionar kroner for å bli medeigar i Sparebank 1-alliansen.

Det gjer at banken blir den sjette største banken i fellesskapet med en eigardel på 13 prosent, ifølgje ei pressemelding.

– Å investere i Sparebank 1-alliansen er den største milepålen i banken på 35 år, uttaler administrerande direktør Trond Teigene i meldinga.

Ser fleire fordelar
Et breiare produktspekter, kompetansesamarbeid for dei tilsette i banken og skalafordelar på innkjøp, teknologi og kostnadar, er blant fordelane Teige ser føre seg som følgje av det nye samarbeidet.

– Denne investeringa vil gjere oss til ein sterkare partner for næringslivet og lokalsamfunna i regionen vår. Logoen vert ny, men styrken vår er framleis lokalt nærvær, lokal kompetanse og lokale avgjersler. Slik vil det også vere i framtida, uttaler Teige.

Vil framleis vere lokalt eigd
Banksjefen fortel at det er ei strategisk investering for å styrke grunnmuren til banken, medan den lokale eigarskapen via stiftingane og kontorstrukturen vil vere som før.

Det betyr at banken framleis vil vere eigd av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Sparebankstiftinga Fjaler og tilsette i banken. Og som i dag vil gåver frå overskotet bli delt ut til lokalsamfunnet.

Sparebanken Sogn og Fjordane vart etablert i 1988, men har røter tilbake til 1842.

Publisert: 26.04.2023 15:04

Sist oppdatert: 26.04.2023 15:05

Mer om