Statt Torsk Gustave Brun Lie foto Statt Torsk
STRATEGISK VURDERING: Statt Torsk har ikkje utvikla seg slik dagleg leier Gustave Brun-Lie og dei andre aksjonærane har håpa. Foto: Statt Torsk
Nytt

Børsdagen: Ny botnrekord for Statt Torsk

Torskeoppdrettselskapet Statt Torsk vil stokke korta på nytt etter tungt år.

07.08.2023

Aksjekursen til Statt Torsk fall over 14 prosent - til 0,40 kronser aksjen - då aksjehandelen opna på Oslo Børs i dag. Det er ny botnrekord for selskapet.

I løpet av dagen fall aksjen ytterleger, til 0,32 kroner aksjen.

Grunnen er børsmeldinga sende ut før børsen opna, om at selskapet har leigd inn Pareto Securities og Sparebank 1 Markets som rådgivarar for å gjennomføre ei såkalla "strategisk vurdering" av selskapet.

Les børsmelding her

Selskapet vil vurdere mange alternativ, både for å sikre finansiering på kort sikt og langsiktige strukturelle løysingar.

Artikkelen er oppdatert, mellom anna med aksjekursar for selskap på Nordvestlandet, etter at børshandelen er over for dagen.

Kan blir slukt av andre
Det betyr at Statt Torsk kan kome til å ende opp som ein del av eit anna selskapet, eller at at nye investorar kan kome inn som nye eigarar.

Statt Torsk seier ikkje noko om kor lang tid den "strategiske vurderinga" vil ta, men skriv i børsmeldinga at selskapet ikkje vil gi ytterlegare kommentarar før prosessen er gjennomført.

Fallande kurve
Statt Torsk driv torskeoppdrett på Nordvestlandet. Investorane i Statt Torsk har hatt lite å glede seg over etter at selskapet vart børsnotert. Aksjekursen til selskapet har hatt ei fallande kurve heilt sidan selskapet vart notert på børsen i april 2021 og aksjane vart handla til kurs 3,30 kroner.

Tidlegare i august melde selskapet om auka dødelegheit ved eitt anlegg og lågare slaktevolum enn venta ved eit anna anlegg.

I mai i år varsla selskapet at verdien på fisk i sjøen vart nedskriven med 47 millionar kroner på grunn av lågare pris og vekst enn venta.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Arctic Bioscience kr 9,94 3,11 %
Norva 24 Group* 26,00 kr 1,56 %
Nortel kr 27,00 1,50 %
Havila Shipping kr 12,10 2,37 %
Atlantic Sapphire kr 6,06 0,66 %
Endúr kr 39,70 1,79 %
Eqva (tidl. Havyard Group) kr 3,10 0,00 %
Hexagon Composites kr 27,42 -1,01 %
Salmon Evolution kr 6,80 -0,44 %
Sparebanken Møre kr 77,00 -0,52 %
Hexagon Purus kr 18,80 -1,26 %
Hav Group kr 10,00 -1,96 %
Hofseth Biocare kr 2,99 -4,78 %
Havila Kystruten kr 1,24 -8,15 %
Golden Energy Offshore Services kr 1,17 -7,87 %
Statt Torsk kr 0,32 -31,91 %
* Kurs i SEK

Publisert: 07.08.2023 09:29

Sist oppdatert: 07.08.2023 16:48

Mer om