Børsdagen: Stoppar på 15 millionar
Havkraft manglar mindre enn ein million på målet om 15 millionar kroner i ny eigenkapital. Utvidar ikkje emisjonen.
Havkraft har sikra seg at selskapet kan utvide kapitalutvidinga frå maks-målet på 15 millionar kroner til 25 millionar kroner og forlenge teikningsperioden i den pågåande emisjonen, men det blir det neppe noko av.
- Sånn det ser ut no så stoppar vi på 15, seier gründer, dagleg leiar og største eigar, Geir Arne Solheim til NETT NO.
Fredag ettermiddag har investorar teikna seg for over 14 millionar kroner i selskapet og det er fem dagar att av teikningsperioden i bølgekraftselskapet i Deknepollen ved Måløy.
Minstemålet for emisjonen var 10 millionar kroner, maksmålet 15 - med atterhald om at maksmålet kunne hevast ytterlegare 10 millionar kroner.
Kapitalutvidinga skjer gjennom selskapet Folkeinvest, son har spesialisert seg på hente inn kapital for mindre selskap ved kreve eit lav minstebeløp for å vere med og investere - slik at mange småinvestorar vel å vere med.
Så langt er det registrert over 900 teikningar av aksjar. Nokre investorar kan ha teikna seg i fleire omgangar, men interessa tyder uansett på at Havkraft blir eit selskap med svært mange eigarar etter at emisjonen er godkjent og registrert.
Børsdagen |
||
Selskap |
Kurs i kroner |
%-Endring i dag |
Nortel |
19,00 |
7,95 % |
Havila Shipping |
11,46 |
3,06 % |
Hexagon Purus |
20,80 |
2,77 % |
Endúr |
28,38 |
1,50 % |
Havila Kystruten |
18,20 |
1,11 % |
Salmon Evolution |
8,57 |
0,94 % |
Hexagon Composites |
22,54 |
0,81 % |
Sparebanken Møre |
72,99 |
0,69 % |
Norva 24* |
31,71 |
0,46 % |
Hav Group |
9,77 |
0,10 % |
Havyard Group |
3,26 |
-0,61 % |
Statt Torsk |
2,07 |
-2,82 % |
Hofseth Biocare |
3,30 |
-4,35 % |
Atlantic Sapphire |
4,77 |
-4,60 % |
Arctic Bioscience |
13,35 |
-4,64 % |
Golden Energy Offshore Services |
1,62 |
-7,16 % |
*Svenske kroner |
Publisert: 21.10.2022 16:56
Sist oppdatert: 29.05.2023 08:54