Bent martini dåp i herøy foto Ogne
BØRSVINNAR: Havila Kystruten-sjef Bent Martini med god start på børsveka måndag. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Stø kurs for Kystruten

Reiarlaget starta veke som børsvinnar.

Marius Rosbach
24.07.2023

Sjå børstabell for Nordvestlandet under

Investorane verkar å ha fått tilbake trua på Havila Kystruten-aksjen etter førre vekes kapitalinnhenting.

Reiarlaget med hovudkontor i Herøy var dagens børsvinnar mellom selskapa frå Nordvestlandet. Kystruten-aksjen steig 19,40 prosent og enda dagen på 1,60 kroner aksjen.

Det er godt over emisjonskursen på ei krone frå førre veke – og ein oppgang på 50 prosent sidan botnnivået for om lag ein månad sidan.

Samtidig er børsverdien framleis på berre knappe 120 millionar.

Hexagon Purus og Hexagon Composites hadde begge ein hyggeleg dag på børsen måndag.

Like hyggeleg var ikkje årsrapporten frå storeigar i selskapa, Flakk Gruppen, som fekk eit underskot i fjor, ifølgje årsmeldinga for 2022.

Hofseth Biocare var dagens børstapar av selskapa frå regionen med eit fall på 9,3 prosent til 3,12 kroner. Aksjen har svinga mykje opp og ned siste året. Dagens kurs er på nivå med seinsommaren i fjor.

Hovudindeksen på Oslo børs starta veka med ein oppgang på 0,52 prosent til 1237,18.

Prisen på nordsjøolje gjekk opp kring 1,4 prosent i løpet av dagen og vart ved stengetid handla til 81,83 dollar fatet.

Børstabell for Nordvestlandet:

Ticker Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Havila Kystruten AS (XOSL:HKY) Havila Kystruten kr 1,60 19,40 %
Hexagon Purus ASA (XOSL:HPUR) Hexagon Purus kr 20,85 7,03 %
Hexagon Composites ASA (XOSL:HEX) Hexagon Composites kr 25,74 4,04 %
Arctic Bioscience AS (XOSL:ABS) Arctic Bioscience kr 10,05 2,97 %
Statt Torsk ASA (XOSL:STATT) Statt Torsk kr 0,57 2,53 %
Eqva ASA (XOSL:EQVA) Eqva (tidl. Havyard Group) kr 2,84 1,43 %
Norva24 Group AB (publ) (XSTO:NORVA) Norva 24 Group* 26,48 kr 1,24 %
Hav Group ASA (XOSL:HAV) Hav Group kr 10,25 0,49 %
Sparebanken More (XOSL:MORG) Sparebanken Møre kr 76,00 0,00 %
Salmon Evolution ASA (XOSL:SALME) Salmon Evolution kr 6,65 -0,30 %
Endur ASA (XOSL:ENDUR) Endúr kr 40,00 -0,74 %
Nortel AS (XOSL:NTEL) Nortel kr 26,40 -0,75 %
Golden Energy Offshore Services AS (XOSL:GEOS) Golden Energy Offshore Services kr 1,18 -1,01 %
Havila Shipping ASA (XOSL:HAVI) Havila Shipping kr 13,08 -1,21 %
Atlantic Sapphire ASA (XOSL:ASA) Atlantic Sapphire kr 5,95 -4,03 %
Hofseth Biocare ASA (XOSL:HBC) Hofseth Biocare kr 3,12 -9,30 %
* Kurs i SEK

Publisert: 24.07.2023 16:50

Sist oppdatert: 24.07.2023 16:50

Mer om