NTB IKKE GJENBRUK Bjørn Kjos - Geir Karlsen
KOM GJENNOM KRISA: Norwegian-grunnleggjar Bjørn Kjos (t.v.) og konsernsjef Geir Karlsen under markeringa av 20-årsjubileet. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
Nytt

– Krisene kjem med rundt fem års mellomrom

Sunnmøringen Geir Karlsen losa Norwegian gjennom krisa som nesten knekte selskapet - og bur seg på nye kriser.

NPK
15.09.2022

(NPK – Bent Tandstad): Flyselskapet Norwegian var nær ved å gå konkurs under pandemien. No ser alt mykje betre ut for selskapet og konsernsjef Geir Karlsen. Men krisene kjem gjerne med rundt fem års mellomrom, seier han.

– Det var Norwegian-grunnleggjaren Bjørn Kjos som sa det til meg. Det kjem ei større krise rundt kvart femte år, enten det er finanskrise, oskesky, krig eller pandemi. Så det gjeld å vere solid nok til å greie seg gjennom vanskelege tider, legg han til.

Geir Karlsen kom inn i Norwegian som finansdirektør i 2018. Året etter var han fungerande toppsjef ein periode, før Jackob Schram vart tilsett som ny konsernsjef. Som finansdirektør fekk den no 57 år gamle sunnmøringen oppgåva med å forhandle fram ein avtale med kreditorar og leverandørar som kunne berge selskapet.

Avtale etter tøffe forhandlingar
Og etter tøffe forhandlingar vart det ein avtale, som også innebar ein finansiell rekonstruksjon av selskapet. Geir Karlsen karakteriserer situasjonen som heilt spesiell.

– Vi forhandla oss ut av 140 milliardar kroner i gjeld og framtidige forpliktingar. Når du er tom for pengar, då er du normalt konkurs. Men vi klarte å lage eit selskap som var så attraktivt at dei gjekk med på det. Vi måtte også gjere oss attraktive som investeringsprosjekt, og vi fekk inn seks milliardar kroner i ny kapital, seier han.

Før pandemien hadde Norwegian inne ei bestilling på 86 fly frå Boeing og 88 fly frå Airbus, og desse kjøpa måtte kansellerast. Samstundes hadde Norwegian saksøkt Boeing for problema med motorane på langdistanseflya MAX Dreamliner og flytypen 737 MAX, som måtte setjast på bakken.

Boeing måtte betale 2,1 milliardar kroner i kompensasjon til Norwegian, men som ein del av avtalen brukar dei desse pengane til å kjøpe nye fly frå den amerikanske flyfabrikken. Desse skal leverast etter 2025.

Flyanalytikar Hans Jørgen Elnæs sa i eit intervju med NTB i fjor sommar at avtalen som dåverande finansdirektøren Geir Karlsen hadde forhandla fram med kreditorar og leverandørar, var heilt unik for flybransjen, og at prosessen ville gå rett inn i lærebøkene.

Og det tok ikkje lang tid før styret i Norwegian Air Shuttle avgjorde at Karlsen frå Sykkylven var rette mannen til å vere toppsjef i selskapet.

Erfaring frå shipping
Då siviløkonomen vart henta inn i leiinga i 2018, hadde han ikkje erfaring frå flybransjen. Men han hadde verdfull erfaring frå ein annan bransje der det handlar om store summar, nemleg shipping. Han har jobba blant anna som finansdirektør i fleire av selskapa til reiargiganten John Fredriksen.

Og John Fredriksen er også største eigar i Norwegian.

– Mykje er likt mellom shipping og flybransje, men den store skilnaden er at i shipping er det snakk om å frakte varer, medan vi i flybransjen fraktar menneske. Elles er begge bransjar prega av store verdiar og ofte høg gjeld, seier Karlsen.

I dag satsar Norwegian utelukkande på Boeing 737-fly. Langdistanserutene er lagde ned, og no handlar det om å utvikle vidare den norske og den nordiske marknaden, førebels med 70 fly.

Får å sikre seg langdistansekundar har selskapet inngått avtale med det nystarta selskapet Norse Atlantic, og om kort tid kan kundane til Norwegian sjekke inn bagasjen på heimeflyplassen og reise vidare saumlaust over Atlanterhavet med Norse. Ein liknande avtale med Widerøe er også på trappene.

Ventar ny vekst
Karlsen er klar på at Norwegian kjem til å vekse i åra som kjem.

– Kort fortalt treng vi fleire fly for å fordele faste kostnader. Neste år skal vi opp i 85 fly og om eit par år opp i 100. Med over 80–90 fly må vi ut av Norden igjen, men vi har ikkje bestemt oss for kva land. Det er marknaden som avgjer det, opplyser Norwegian-sjefen.

I dag er han toppsjef for vel 4.000 medarbeidarar i lufta og på bakken, og talet på tilsette er i vekst.

Nyleg markerte Norwegian 20-årsjubileum for satsinga som lågprisselskap. Og ting ser lysare ut for selskapet no enn på lenge. I dei åra lågprisselskapet har eksistert har dei frakta over 300 millionar passasjerar.

Finansinteresser på vidaregåande
Geir Karlsen forstod tidleg at det var økonomi og finans som skulle bli framtidsvegen hans. Då han gjekk ut av den vidaregåande skulen i heimbygda Sykkylven i 1983, var han fast bestemt på at BI var neste post på programmet.

Den første jobben var i boks alt før han var ferdig uteksaminert siviløkonom. Han vart hos reiarlaget Thorvald Klaveness i seks år. Det var litt tilfeldig, seier han, men det var slik han kom inn i shipping. Seinare var han innom riggselskapet Songa Offshore, og så følgde vel ti år i John Fredriksen-systemet.

Han har heile tida jobba internasjonalt, blant anna fire år i London, sjølv om han det meste av tida har hatt basen sin i Noreg.

I dag bur han saman med kone og tre born i Bærum.

Meir og meir ansvar
– Har det lege i korta heile tida at du skulle bli ein leiar?

– Det har kom etter kvart som eg har fått meir og meir ansvar. Det har vakse fram naturleg, svarar han.

Vener karakteriserer Geir Karlsen som ein svært ambisiøs person, ein arbeidsmaur med imponerande arbeidskapasitet. Han har sterkt fokus på arbeidsoppgåvene sine, men samstundes omgjengeleg og familiekjær.

Idrett er viktig for han. Som ung konkurrerte han både i symjing, langrenn og fotball, og han viste godt att i resultatlistene. Konkurranseinstinktet er framleis intakt, forsikrar han.

– Eg likar godt både å gå på og stå på ski, og om sommaren er eg glad i å sykle. Fjellet lokkar både sommar og vinter, og golf er både moro og sosialt, seier han

– Er ikkje golf litt for tidkrevjande for ein travel konsernsjef?

– Det blir sjeldan tid til 18 hol, men ni er bra det også, parerer han.

Når det gjeld fjellturar så er det sunnmørsfjella som ligg hjartet hans nærmast, både sommar og vinter.

Pengar og kritikk
Geir Karlsen har ei årslønn på 4,5 millionar kroner som konsernsjef. I tillegg har han ifølgje E24 bonusavtalar som gjer at han i 2021 tente 16 millionar kroner. Ein bonus på 11 millionar kroner for ikkje å forlate selskapet i ei vanskeleg tid, samstundes som staten gjekk inn med garantiar, vart ikkje like godt motteke av alle.

Det storma rundt selskapet, og presset frå politikarar, fagrørsla og media var høgt. Geir Karlsen seier at han frykta at saka skulle skade selskapet.

– Eg toler godt å få litt kjeft, men eg skulle gjerne ha vore utan denne saka. Eg var redd for at det kunne føre til at folk reiste mindre med oss, men det er vanskeleg å seie kva effekt det hadde, seier han alvorleg.

Klimautslepp
Flybransjen er rekna for å vere ein av verstingane når det gjeld klimautslepp, og Norwegian har sett seg som mål å redusere utsleppa sine med 45 prosent innan 2030.

– Vi er klare til å satse på såkalla SAF, substainable aviation fuel, (berekraftig flydrivstoff) og vi vil gjerne delta i denne utviklinga. Godt arbeid er i gang, men det vil ta tid å få det til. Førebels er dette drivstoffet for dyrt, men med eit samarbeid mellom næringslivet og det offentlege er det mogleg å få det til. Vi treng fortgang på dette feltet, meiner han.

SAF kan produserast av biodrivstoff eller såkalla electrofuel, som ifølgje kommunikasjonsdirektør Esben Tuman i Norwegian ligg snublande nær utgangspunktet for fastlandsindustrien her i landet, elektrolyse ved vasskraft.

Når det gjeld elektriske fly ser ikkje Geir Karlsen føre seg noko revolusjon dei første 15 åra, i alle fall ikkje for fly med plass til 190 passasjerar.

– Eg trur løysinga for oss er drivstoff med låge utslepp, men eg trur ikkje det er mogleg å få til stort nok volum på dette før tidlegast i 2026, seier han.

Publisert: 15.09.2022 08:31

Sist oppdatert: 15.09.2022 09:22

Mer om