Johan Andreassen Atlantic Sapphire GATH 2022 foto Ogne
ÅLESUND: Atlantic Sapphire-gründer Johan Andreassen i Ålesund under GATH-konferansen nyleg. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Til botn før rapportering

Lakseoppdrettar dagens børstapar. God start på veka for Hav Group.

Marius Rosbach
15.11.2022

Atlantic Sapphire enda i botnen av børslista for selskapa med adresse på Nordvestlandet tysdag.

Dagen etter investorane sende aksjen opp måndag, gjekk det ned med 5,2 prosent til 7,11 kroner aksjen tysdag. Svingingane skjer i forkant av ein månadleg oppdatering tysdag.

Hav Group har hatt ein god start på veka og var vinnaren av selskapa frå regionen. Aksjen steig 6,73 prosent til 10,78 kroner. Kursen er den høgste på ein dryg månad, men betydeleg under toppnnivået i år på 17,8 kroner i mars.

Hovudindeksen på Oslo børs enda svakt opp med 0,09 prosent til 1.200,83, medan oljeprisen gjekk svakt ned til 92,20 dollar fatet.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Hav Group 10,78 6,73 %
Havila Shipping 14,56 3,70 % |
Arctic Bioscience 14,3 2,51 %
Sparebanken Møre 77,6 2,39 %
Hexagon Composites 27,36 1,18 %
Endúr 34,4 0,95 %
Salmon Evolution 8,72 0,93 %
Statt Torsk 2,07 0,49 %
Havyard Group 3,315 0,45 %
Nortel 20,2 0,00 %
Havila Kystruten 17,5 0,00 %
Norva24 Group * 30,92 -0,16 %
Hofseth Biocare 2,74 -1,08 %
Hexagon Purus 23,22 -2,03 %
Golden Energy Offshore Services 1,895 -3,32 %
Atlantic Sapphire 7,11 -5,20 %
*I svenske kroner - selskapet er registert på Stockholms-børsen.

Publisert: 15.11.2022 17:02

Sist oppdatert: 15.11.2022 18:04