Per i dag har Ålesund-reiarlaget alle sine fire offshoreskip i arbeid og arbeidet for å få selt PSV-en Energy Scout er sett på vent, grunna positive resultat også for drifta for dette fartøyet, fortalde selskapet i årsrapporten for 2021, som blei langt fram tysdag 31. mai.
Underskotet krympa og reiarlaget ser langt lysare på framtida enn for berre kort tid sidan.
Les også
2021-reknskapen blei lagt fram før børsopning i går, og løfta kursen 10,6 prosent i løpet av dagen
Oppturen for Golden Energy Offshore Services held fram i dag. Selskapet blei dagens vinnar på Oslo Børs, med ein auke i aksjekursen på nesten 32 prosent, til 3,03 kroner aksjen.
Den kursen verdset selskapet til 155 millionar kroner. Så langt i år har aksjekursen stige 304 prosent. Kursen har ikkje vore høgare sidan starten av mars 2020, før koronakrisa kom og oljeetterspørselen stupte.
Hovudindeksen på Oslo Børs fall 1,41 prosent i dag, men berre fem av selskap på NETT NO si liste over børsnoterte selskap på Nordvestlandet hadde fallande aksjekursar i dag. Størst fall var det for Havila Shipping, men det kjem etter ein periode med kraftig kursauke.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Golden Energy Offshore Services | 3,03 | 31,74 % |
Endúr | 0,636 | 15,01 % |
Hav Group | 15,02 | 13,00 % |
Hofseth Biocare | 3,88 | 5,43 % |
Hexagon Purus | 32,92 | 4,77 % |
Havila Kystruten | 19,7 | 2,34 % |
Atlantic Sapphire | 26,8 | 1,67 % |
Sparebanken Møre | 80,08 | 1,30 % |
Smartcraft | 15,5 | 0,65 % |
Havyard Group | 8,75 | 0,57 % |
Hexagon Composites | 34,16 | 0,23 % |
Salmon Evolution | 8,74 | -0,11 % |
Statt Torsk | 2,44 | -1,21 % |
Arctic Bioscience | 15,3 | -1,29 % |
Nortel | 17,4 | -2,79 % |
Havila Shipping | 17,38 | -5,13 % |
Publisert: 01.06.2022 16:51
Sist oppdatert: 01.06.2022 16:51