Børsdagen: Tilbakekjøp og utvida kontrakt
Golden Energy Offshore Services er dagens børsvinnar frå Nordvestlandet.
Mot slutten av torsdagen er hovudindeksen ved Oslo Børs svakt ned. Oljeprisen styrkar seg noko, opp 0,7 prosent samanlikna med gårsdagen.
Tilbakekjøp av aksjar
Hav Group melde i dag om at dei held fram med den planlagde tilbakekjøpsprosessen av aksjar i eige selskap, og til no har auka eigardelen sin til 9,44 prosent.
Torsdag handlast aksjen for 9,90 kroner, ned 3,41 prosent frå gårsdagens sluttkurs.
Forlenging av kontrakt
Golden Energy Offshore Services melde i dag om to månader forlenging av kontrakt for skipet Energy Swan.
I ei børsmelding i dag orienterte også selskapet om aktiviteten i juli, og utsiktene framover. Selskapet melde at dei i juli hadde flåteutnytting på 99 prosent, og inntening tilsvarande 19 162 amerikanske dollar dagen.
Ved handelsslutt omsettast aksjen for 1,34 kroner, opp 8,94 prosent frå gårsdagens sluttkurs.
Artikkelen er oppdatert etter stengetid med oppdatert børstabell for selskapa med tilknytning til Nordvestlandet.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Golden Energy Offshore Services | kr 1,34 | 8,94 % |
Havila Kystruten | kr 1,20 | 3,45 % |
Atlantic Sapphire | kr 6,03 | 2,38 % |
Eqva (tidl. Havyard Group) | kr 2,88 | 1,05 % |
Sparebank 1 SMN | kr 143,60 | 0,70 % |
Hofseth Biocare | kr 2,95 | 0,68 % |
Sparebanken Møre | kr 76,99 | 0,64 % |
Salmon Evolution | kr 6,88 | 0,44 % |
Nortel | kr 26,60 | 0,00 % |
Havila Shipping | kr 12,10 | -0,33 % |
Endúr | kr 39,00 | -0,51 % |
Norva 24 Group* | kr 26,10 | -1,14 % |
Statt Torsk | kr 0,47 | -2,27 % |
Hexagon Purus | kr 19,32 | -2,52 % |
Hav Group | kr 9,90 | -3,41 % |
Hexagon Composites | kr 28,36 | -6,59 % |
Arctic Bioscience | kr 9,64 | -10,33 % |
* Kurs i SEK |
Publisert: 03.08.2023 15:57
Sist oppdatert: 03.08.2023 21:45