Oslo Børs Foto Marius Rosbach 11
Illustrasjonsfoto: Marius Rosbach
Nytt

Børsdagen: To skritt fram – og ett tilbake

Laks på land vart dagens tapar. Sjå børstabell for Nordvestlandet:

Marius Rosbach
25.08.2025

Atlantic Sapphire fall mest av dei børsnoterte selskapa frå Nordvestlandet måndag. 

Kursen gjekk ned med kring 4,6 prosent til drygt 10 kroner aksjen. 

I førre veke steig aksjen frå kring 9 til nær 12 kroner etter at selskapet meldte om større snittvekt på fisken og betring i drifta ved anlegget. 

Arctic Bioscience steig mest av selskapa med adresse i regionen med drygt 5,5 prosent til 4,16 kroner aksjen. 

Hovudindeksen på Oslo børs sank litt frå rekordnivået før helga og enda på 1661,86 – ned 0,15 prosent. 

Børstabell for Nordvestlandet: 

SelskapKurs i kroner%-endring i dag
Arctic Biosciencekr                   4,16 5,58 %
Atlantic Sapphirekr                10,23 -4,64 %
Endúrkr                93,50 1,08 %
Golden Energy Offshore Serviceskr                20,80 0,48 %
Hav Groupkr                   7,46 1,08 %
Havila Kystrutenkr                   1,35 -2,18 %
Havila Shippingkr                   1,46 4,29 %
Hexagon Compositeskr                16,50 -2,02 %
Hexagon Puruskr                   1,79 1,01 %
Hofseth Biocarekr                   1,90 0,00 %
Tinde Sparebankkr              125,70 0,00 %
Salmon Evolutionkr                   5,21 -2,07 %
Sparebanken Mørekr              104,38 -0,11 %

Publisert: 25.08.2025 16:57

Sist oppdatert: 26.08.2025 16:38