Christian pritchard nortel 11
NORTEL-SJEF: Christian Pritchard er grunnlegger og leder av teleselskapet Nortel.
Nytt

Børsdagen: Tok igjen det tapte – og meir til

Nortel-aksjen skaut til værs etter smell førre uke.

Marius Rosbach
22.08.2022

Nortel vart måndagens vinner av selskapa fra Nordvestlandet.

Aksjen til mobiltelefoniselskapet skaut været og enda med en oppgang på 27,38 prosent til 21,40 kroner aksjen då handelen blei avslutta.

Ålesund-selskapet avslutta førre veke med ein smell, då aksjen fall med 21,50 prosent til 16,80 kroner.

Nortel kom førre veke også med tal for 1. halvår som viste kraftig vekst. Med rapporten fulgte også ein optimistisk, men ikkje tidfesta prognose om at selskapet er på veg mot overskot.

Dagens utvikling viser at marknaden likevel har meir trua på Nortel, enn fredagens fall skulle tilseie. Sluttkursen måndag ligg litt over nivået aksjen steig til etter rapporteringa førre veke.

10.mai i år var kursen til Nortel ned i 16 kroner, som er botnrekorden til selskapet.

Toppnoteringen for aksjen til selskapet som blir leia av Christian Pritchard, var i månadsskiftet september/oktober 2021, med 28,30 kroner aksjen.

Fall for Hexagon og olje
Hexagon Composites var dagens tapar av selskapa frå regionen med eit fall på 6,82 prosent til 28,42 kroner.

Prisen på eit fat nordsjøolje hadde ved stengetid hatt eit fall på 2,6 prosent til 93 dollar.

Hovudindeksen på Oslo børs enda med ein nedgang på 0,51 prosent til 1.262,57, etter å ha vore svakt opp midt på dagen.

Børstabell for selskapa frå Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Nortel 21,4 28,38 %
Arctic Bioscience 15,2 4,83 %
Havila Kystruten 17,95 4,06 %
Endúr 28,745 2,57 %
Statt Torsk 2,29 1,78 %
Havila Shipping 15 0,00 % |
Hofseth Biocare 3,45 0,00 %
Hav Group 13,66 -0,29 %
Havyard Group 3,67 -1,48 %
Golden Energy Offshore Services 2,18 -1,80 %
Atlantic Sapphire 19,6 -2,00 %
Sparebanken Møre 74,5 -2,12 %
Norva24 Group * (ikkje avslutta) 36,34 -3,25 %
Salmon Evolution 8,9 -3,99 %
Hexagon Purus 24,08 -6,16 %
Hexagon Composites 28,42 -6,82 %
*I svenske kroner - selskapet er registert på Stockholms-børsen.

Publisert: 22.08.2022 16:48

Sist oppdatert: 22.08.2022 17:08

Mer om