Børsdagen: Toppar taparlista
Kursras for Endúr etter å ha henta inn 140 millionar.
Ikkje uventa fall Endúr-aksjen kraftig torsdag etter at selskapet gjennomførte ein retta emisjon etter børsslutt onsdag. Aksjen slutta onsdag på 32 kroner – 4,50 kroner over emisjonskursen på 27,50.
Torsdag gjekk det raskt nedover til aksjen nådde same nivå. Då var kursen ned 14,06 prosent i løpet av dagen.
Det gjorde at selskapet toppa lista over aksjane som hadde tapt seg mest i verdi i løpet av dagen.
Eqva - tidlegare Havyard - hadde nesten ein tilsvarande god dag med ein oppgang på 10,34 prosent til 3,20 kroner aksjen. Også Arctic Bioscience hadde fin oppgang med 7 prosent til 10,70 kroner aksjen.
Les også
For industrikonsernet der Artec Aqua i Ålesund utgjer den største verksemda, var det viktigaste uansett at dei klarte å hente inn 140 millionar kroner i løpet av få timar onsdag.
Artec Holding har vore største eigar i Endúr, men som følgje av ein avtale om aksjelån til leiinga, vil deira eigardel hamne under 20 prosent, opplyser selskapet i børsmeldinga.
Selskapet sine primærinnsidarar og nærståande, teikna seg for aksjar til ein verdi av drygt 50 millionar kroner.
Emisjonen omfatta drygt fem millionar aksjar. Selskapet vil også vurdere å gjere ein tilleggsemisjon på kring 1,38 millionar aksjar. Det er kalla inn til ekstraordinær generalforsamling 2. februar.
Hovudindeksen på Oslo børs gjekk opp 0,97 prosent til 1.194,40. Også oljeprisen gjekk opp i løpet av torsdagen - og skaut fart seint om ettermiddagen til 84 dollar fatet.
Sjå børstabell for Nordvestlandet:
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag | |
Eqva (tidl. Havyard Group) | 3,2 | 10,34 % | |
Arctic Bioscience | 10,7 | 7,00 % | |
Norva24 Group * | 36 | 6,02 % | |
Hexagon Composites | 33,28 | 3,42 % | |
Hav Group | 8,59 | 2,26 % | |
Hexagon Purus | 24,8 | 2,14 % | |
Statt Torsk | 1,72 | 1,71 % | |
Hofseth Biocare | 3,14 | 1,62 % | |
Salmon Evolution | 8,26 | 0,73 % | |
Nortel | 20 | 0,00 % | |
Golden Energy Offshore Services | 1,3 | -0,76 % | |
Atlantic Sapphire | 7,16 | -0,90 % | |
Sparebanken Møre | 79,4 | -1,26 % | |
Havila Shipping | 12,28 | -2,54 % | | |
Havila Kystruten | 10,3 | -8,85 % | |
Endúr | 27,5 | -14,06 % | |
*I svenske kroner - selskapet er registert på Stockholms-børsen. |
Publisert: 12.01.2023 16:25
Sist oppdatert: 12.01.2023 17:19