Børsdagen: Tregt for OFS
Det landbaserte oppdrettselskapet har gitt seg sjølv meir tid til å få tak i pengane selskapet vil ha.
NETTNO skreiv tidlegare i dag at det landbaserte oppdrettselskapet OFS ved Måløy vil utvide fristen selskapet har sett for å hente inn minst 56,25 millionar kroner.
I dag tidleg var det berre tre dagar att til fristen, men no er den utvida med 19 dagar, altså til inn i 2024.
- Vi kjem til å halde på til vi har minimumsbeløpet, sa styreleiar og medeigar Ronny Almenning til NETT NO.
Per i ettermiddag har investorar teikna seg for 34,5 millionar kroner i OFS.
Etter ein kraftig opptur i går snudde det ned igjen for Atlantic Sapphire i dag, med eit kursfall på nest 12 prosent. Selskapet driv landbasert oppdrett ved Miami i Florida. Det er verdsett til 1,4 milliardar kroner på børsen. OTS er verdsett til 437 millionar kroner før kapitalutvidinga.
Børsnoterte selskap på Nordvestlandet | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Eqva (tidl. Havyard Group) | 3,25 | 7,26 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,30 | 4,84 % |
Hexagon Purus | 10,74 | 4,47 % |
Salmon Evolution | 6,50 | 2,69 % |
Hav Group | 10,10 | 1,81 % |
Arctic Bioscience | 8,34 | 1,71 % |
Sparebanken Møre | 81,30 | 1,37 % |
Havila Kystruten | 0,78 | 0,00 % |
Statt Torsk | 0,85 | -0,24 % |
Norva 24 Group* | 24,20 | -0,41 % |
Hexagon Composites | 26,34 | -0,45 % |
Endúr | 37,90 | -1,56 % |
Hofseth Biocare | 2,64 | -1,86 % |
Havila Shipping | 5,70 | -1,89 % |
Atlantic Sapphire | 1,79 | -11,82 % |
* Kurs i SEK | ||
Publisert: 19.12.2023 17:22
Sist oppdatert: 03.01.2024 11:20