Christer Valderhaug Arctic Bioscience foto Ogne
VENTAR: Aksjespekulantar satsar på at Arctic Bioscience-sjef Christer Valderhaug snart kjem med godt nytt.
Nytt

Børsdagen: Veddemål om godt nytt

Meir enn dobla verdi på Arctic Bioscience i år.

18.03.2025

Aksjespekulantar posisjonerer seg før Arctic Bioscience kjem med melding om resultat frå stor medisinsk studie.

Aksjekursen i Arctic Bioscience stupte frå 13 til under tre kroner aksjen i oktober i fjor, då Arctic Bioscience kom med nedslåande nytt om sitt potensielle legemiddel mot hudsjukdomen psoriasis i fjor.

Halvårsresultatet fraå ein internasjonale medisinsk studie viste gode resultat også frå forsøkpersonane som berre fekk eit narremiddel. Dermed var det uråd å fastslå at det silderognbaserte middelet frå Arctic Bioscience har den lækjande funksjonen aksjonærane i selskapet håpar det har.

Etterpå låg kursen i underkant av to kroner aksjen, fram til den byrja å stige igjen etter årsskiftet.

Den medisinske studien er på eitt år, og selskapet har varsla at dei første resultata frå heile studien skal kome i løpet av første kvartal. 

Kursauken i år kan forklarast som eit veddemål, der kjøparane satsar på resultatet etter eit heilt år med testing skal gi eit positivt svar.

I så fall er dert nærliggande å tenkje at kursfallet i oktober i fjor blir reversert, og dei som har kjøpt i år får att fleire gangar innsatsen.

  • Sjå børstabell for Nordvestlandet under
SelskapKurs i kroner%-Endring i dag
Arctic Biosciencekr                   4,00 5,26 %
Hav Groupkr                   7,74 5,16 %
Hexagon Puruskr                   1,90 4,29 %
Endúrkr                77,50 1,97 %
Romsdal Sparebankkr              129,50 1,97 %
Atlantic Sapphirekr                   4,82 1,47 %
Hofseth Biocarekr                   2,30 1,32 %
Salmon Evolutionkr                   6,29 0,64 %
Havila Shippingkr                   1,26 0,64 %
Norva 24 Group*36,20 kr  0,14 %
Havila Kystrutenkr                   0,90 0,11 %
Sparebanken Mørekr              104,00 0,00 %
Hexagon Compositeskr                24,70 -0,20 %
Golden Energy Offshore Serviceskr                17,10 -6,81 %
* Kurs i SEK  
   

Publisert: 18.03.2025 15:27

Sist oppdatert: 18.03.2025 16:56

Mer om