20220511 085110 1
RETTSSAK: Mykje står på spel for Per Sævik og Bent Martini under rettssaka i London, der Havila hittil har svidd av rundt 17 millionar kroner på advokatar. Foto. Kjetil Haanes
Nytt

Børsdagen: Viktig rettssak - lite handel

Investorane er avventande til utfallet av rettssaka mellom Havila og Barreras. Børsvinnaren kjem likevel frå Herøy.

13.07.2022

Mykje står på spel under rettssaka mellom Havila Kystruten og det spanske verftet Hijos de J. Barreras som no pågår ved High Court of Justice of England and Wales i London.

For Havila (det er hos morselskapet Havila Holding saka ligg) dreier det seg om 450 millionar kroner som tap og erstatning etter at Vigo-verftet kansellerte bygginga av dei to Havila Kystruten-skipa Havila Pollux og Havila Polaris i 2019.

Bygginga vart deretter flytta til Tersan-verftet i Tyrkia, og dei to skipa kraftig forseinka.

Dyr sak
Totalt har Havila hittil brukt rundt 17 millionar kroner i prosesskostnader på saka, der advokatar frå Wikborg Rein sine kontor i Bergen og London bistår, i tillegg til ein spansk advokat.

Men siste dagane har det nesten ikkje vorte omsett Havila Kystruten-aksjar på børsen. I dag vart det omsett aksjar for kun 12.985 kroner.

Med ein børskurs på 19,85 kroner, prisar børsen selskapet til å vere verd 990 millionar kroner, eit selskap som no har to av fire skip i full drift.

Krav og motkrav
Men rettssaka er også svært viktig for framtida til det hardt skadeskotne spanske verftet og ei gruppe av underleverandørar som ventar på betaling.

Ifølgje den spanske avisa Faro de Vigo har Havila Kystruten saksøkt forsikringsselskapet Abarco, som på sin side har eit motsøksmål mot Barreras.

Faro de Vigo skriv at Barreras i tillegg har saksøkt Havila Kystruten for 10 millionar euro for å ha brote betalingsplanen og tvinga verftet til konkurs.

Kutta ikkje ei plate
Men i tillegg til kravet frå Havila Kystruten har Barreras ytterlegare eit anna stort krav retta mot seg. Dette kravet kjem ifølgje Faro de Vigo frå Naviera Armas, som i 2108 betalte verftet 28 millionar euro for ei ferje der ikkje ei einaste plate vart kutta.

Det er sett av ei veke og to dagar til rettssaka i London.

Lite handel var det derimot ikkje i Havyard Group, eit anna Havila-kontrollert selskap. Kursen steig heile 14,13 prosent til 4,20 kroner, noko som gjorde selskapet til dagens børsvinnar. Marknaden prisar heile selskapet dermed til 264 millionar kroner.

Opp og ned
Derimot fall både Hexagon Purus og Hexagon Composites over fem prosent etter ein bra børsdag i går.

Hovudindeksen fall 1,12 prosentpoeng tysdag. Det vert vist til uroleg marknadssituasjon og ein inflasjon i USA på heile 9,1 prosent i juni målt mot juni i fjor. Dette likte investorane dårleg.

Eitt fat nordsjøolje låg lenge i overkant av 98 dollar fatet, men prisen steig på tampen av børsdagen, og vert etter børsslutt handla til 100,9 dollar fatet.

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Havyard Group 4,2 14,13 %
Havila Shipping 15 1,63 %
Hav Group 13,46 1,51 %
Hofseth Biocare 3,69 1,10 %
Sparebanken Møre 73,99 0,59 %
Salmon Evolution 8,99 0,45 %
Arctic Bioscience 14 0,00 %
Nortel 16,25 0,00 %
Statt Torsk 1,98 0,00 %
Havila Kystruten 19,85 -0,50 %
Golden Energy Offshore Services 1,56 -0,96 %
Norva24 Group* 33,76 -1,67 %
Atlantic Sapphire 19,9 -3,49 %
Endúr 23,4 -4,10 %
Hexagon Composites 27,78 -5,19 %
Hexagon Purus 25,38 -5,79 %
* I svenske kroner. Selskapet er registrert på Stockholms-børsen

Publisert: 13.07.2022 16:03

Sist oppdatert: 13.07.2022 21:55

Mer om