Barreras kystruten innfelt per sævik foto faro de vigo havila 11
SPANIA: Seksjonane til det som skulle blir dei første skipa til Havila Kystruten ved det spanske verftet Hijos de Barreras hausten 2019. Havila-eigar Per Sævik (innfelt) møter i retten når søksmålet etter oppdraget startar neste veke. Foto: Faro de Vigo
Nytt

Møter spansk verft i retten

Havila-eigar Per Sævik er på plass i London for å kjempe om 450 millionar.

Marius Rosbach
07.07.2022

Over helga møter Havila det spanske Barreras-verftet i retten i London. Striden står om kring 450 millionar kroner som selskapet frå Herøy krev etter kanselleringa av to Havila Kystruten-skip i 2019.

Etterpå blei bygginga av skipa som kjent flytta til Tersan-verftet i Tyrkia, som også bygger dei to andre skipa reiarlaget skal ha.

Startar neste veke
Styreleiar og eigar Per Sævik er torsdag på plass i den britiske hovudstaden der rettssaka startar måndag.

– Vi meiner at vi har ei god sak, men det må ein også meine når ein jobbar så lenge for å få til ei rettssak, fortel Sævik til NETT NO.

Det er sett av ei veke og to dagar til saka.

– For eit selskap av vår storleik er det ikkje likegyldig om ein vinn eller tapar eit beløp på 450 millionar, legg han til.

Torsdag og fredag skal Sævik førebu saka saman med advokatar frå Wikborg Rein sine kontor i Bergen og London, og ein spansk advokat.

For eit selskap av vår storleik er det ikkje likegyldig om ein vinn eller tapar eit beløp på 450 millionar
Per Sævik

Krever tilbake forskot
Det var hausten 2019 det blei klart at det spanske verftet hadde økonomiske problem og at bygginga av dei to første kystruteskipa risikerte å ende i havari.

Barreras kansellerte kontrakten 24. november 2019, men reiarlaget meinte kanselleringa var grunnlaus.

Kystruten kansellerte på sin side kontrakten med verftet 11. februar året etter - og tok ut søksmål for å få tilbake forskotet dei hadde betalt.

Kravet var opphaveleg på kring 36 euro - kring 370 millionar - men med renter har det auka til om lag 450 millionar. Fordi avtalen er inngått under britisk jurisdiksjon, blir tvisten handtert i England.

Sævik sjølv er mellom dei som er kalla inn som vitne. Det skjer i form av skriftlege avhøyr som er gjort i vinter, fortel han.

Verftet har tidlegare hevda at reiarlaget bidrog til dei økonomiske problema, men det er kontant avvist frå Herøy-selskapet.

Tvert i mot meinte tidlegare Kystruten-sjef Arild Myrvoll at verftet hadde brukt pengane deira på andre prosjekt. I tillegg til Sævik og ein av advokatane, er også Myrvoll kalla inn som vitne i rettssaka til veka.

(saka held fram under)

Havila Capella Trondheim
SEGLAR ATT: Reiarlaget sitt første skip Havila Capella er sett i drift att, etter sanksjonsproblema. Reiarlaget jobbar framleis med ei finansiering for alle fire skipa. Foto: Kjetil Haanes

Kravet løfta over i morselskapet
Rettigheiter og forpliktinga kring det kansellerte byggeoppdraget er overdratt til morselskapet Havila Holding As.

Sævik forklarar at årsaka til at dei løfta konflikten ut av reiarlaget, var at dei ikkje kunne gå i marknaden med ein emisjon med den gjeldsbyrden i rekneskapen.

Fordi motpartane venteleg er solide forsikringsselskap er avsetning for venta tap på fordringa sett til null, heiter det i omtalen av søksmålet i årsrapporten frå Havila Kystruten frå slutten av mai.

Nytt søksmål til hausten
I tillegg til søksmålet mot det spanske verftet har reiarlaget eit anna rettsoppgjer under oppsegling.

Molde-selskapet Norwegian Marine Interior har saksøkt reiarlaget for kring 15 millionar. Striden her står om betaling for innreiingsarbeid som selskapet utførte om bord på skipa til Kystruten ved Tersan-verftet i Tyrkia.

Det er sett av fem dagar til den saka frå 19. september.

Publisert: 07.07.2022 05:00

Sist oppdatert: 07.07.2022 10:33

Mer om