Sjå børstabell for Nordvestlandet under saka
Hexagon Composites vil vurdere å gjere ein retta emisjon ved å utstede drygt 42 millionar nye aksjar, ifølgje ei børsmelding etter stengetid tysdag.
Ut frå sluttkursen tysdag på 16,20 kroner, svarar det til kring 680 millionar kroner.
Bookbuildingprosessen startar tysdag ettermiddag og blir avslutta onsdag morgon før børsen opnar, ifølgje meldinga.
Sjekk for nye børsmeldingar frå Hexagon Composites (ekstern lenke)
Selskapet kan både forlenge, forkorte eller kansellere heile emisjonen, blir det understreka.
Pengane som kjem inn skal nyttast til å styrke balanser for å navigere i noverande bransjeutfordringar, hjelpe initiativ for å auke adopsjonsraten for lastebilar på naturgass og generelle formål for selskapet, blir det opplyst.
Hexagon Composites leverte halvårstal 14. august som viste at marknaden for store mobile gasstankar var blitt vesentleg verre.
I børsmeldinga tysdag opplyser selskapet at dei i juli og august hadde eit negativt EBITDA-resultat på 25-30 millionar kroner. Selskapet har samtidig fått lånefritak til og med andre kvartal 2026.
I meldinga blir det vidare opplyst at Knut Flakk og tilhøyrande selskapet har samtykka til ei bindingstid på seks månader på aksjar i selskapet.
Børstabell for Nordvestlandet:
| Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
| Arctic Bioscience | kr 3,60 | 10,67 % |
| Atlantic Sapphire | kr 7,95 | -0,63 % |
| Endúr | kr 87,70 | -1,57 % |
| Golden Energy Offshore Services | kr 20,00 | 0,00 % |
| Hav Group | kr 6,96 | -0,57 % |
| Havila Kystruten | kr 1,32 | 0,76 % |
| Havila Shipping | kr 1,40 | -2,44 % |
| Hexagon Composites | kr 16,20 | -0,49 % |
| Hexagon Purus | kr 1,59 | 0,76 % |
| Hofseth Biocare | kr 1,82 | -2,42 % |
| Tinde Sparebank | kr 121,52 | -2,63 % |
| Salmon Evolution | kr 5,23 | -2,61 % |
| Sparebanken Møre | kr 107,78 | -1,12 % |
Publisert: 16.09.2025 16:54
Sist oppdatert: 16.09.2025 22:40






