Johan Andreassen Atlantic Sapphire GATH 2022 foto Ogne
VIL HENTE PENGAR: Johan Andreassen leier Atlantic Sapphire som satsar stor på landbasert oppdrett av laks i Florida. Det børsnoterte selskapet har adresse i Vestnes. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Vil hente meir enn halv milliard

Melder om kapitalinnhenting med aksjerabatt.

Marius Rosbach
16.03.2023

Atlantic Sapphire gjekk rett etter børsslutt torsdag ut med ei melding om at dei vil utstede aksjar for opptil 50 millionar dollar – om lag 540 millionar kroner.

Kapitalinnhentinga skjer til ein kurs på 5 kroner aksjen.

Sluttkursen torsdag var på 6,48 kroner, etter at aksjen gjekk opp med 2,94 prosent. Det prisar selskapet til kring 990 millionar kroner.

Av selskapa frå Nordvestlandet var det likevel Arctic Bioscience som var torsdagens vinnar, med ein oppgang på 10,20 prosent. Sluttkursen på 13,50 kroner prisar selskapet til om lag 330 millionar kroner.

Sjå børstabell for Nordvestlandet under saka

Hovudindeksen på Oslo børs enda tilnærma uendra etter nokre turbulente dagar. Indeksen stoppa på 1.160,00 poeng og ein nedgang på 0,02 prosent.

Skal sikre produksjon og lønnsemd
Atlantic Sapphire opplyser i meldinga om kapitalinnhentinga at pengane skal gi økonomisk handlingsrom og sørge for stabil produksjon og lønnsemd i første byggetrinn av anlegget. Det som eventuelt blir att av pengar, skal nyttast til andre byggetrinn.

Teikningsperioda er frå torsdag ettermiddag til fredag morgon klokka 8, ifølgje børsmeldinga.

Har teikna seg for store beløp
Nordlaks Holding vil teikne seg for aksjar til 10 millionar dollar. Strawberry Equities – investeringsselskapet til Petter Stordalen – vil ha aksjar for 6,5 millionar dollar.

Vidare vil Blue Future Holding som er eigd av EW Group, ha aksjar for 50 millionar kroner og Joh Johannson Eigedom ha aksjar for same beløp.

Innsidarane Andre Skarbø har meldt interesse for aksjar til 6,2 millionar kroner, Jon-Birger Løvik for 1 million, Svein Taklo for 250.000 kroner og Tone Bjørnov for 50.000 kroner.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Arctic Bioscience 13,5 10,20 %
Golden Energy Offshore Services 1,095 4,29 %
Eqva (tidl. Havyard Group) 3,2 3,23 %
Atlantic Sapphire 6,48 2,94 %
Hav Group 11,42 2,33 %
Havila Shipping 15,4 2,12 % |
Statt Torsk 1,29 1,57 %
Hexagon Composites 36,5 1,11 %
Salmon Evolution 8 0,88 %
Sparebanken Møre 81 -0,55 %
Norva24 Group * 30,04 -0,86 %
Endúr 45 -1,10 %
Nortel 29,8 -1,32 %
Havila Kystruten 9,84 -1,40 %
Hofseth Biocare 2,8 -3,11 %
Hexagon Purus 26,96 -4,40 %
*I svenske kroner - selskapet er registert på Stockholms-børsen.

Publisert: 16.03.2023 16:42

Sist oppdatert: 07.11.2024 15:27

Mer om