Nedre Markevatn kraftverk i Askvoll Foto Eikeseth Nygjerd
STYRT FRÅ SANDANE: Nedre Markevatn kraftverk i Askvoll tilhøyrer Sogn og Fjordane Energi. Går det som styret i kraftselskapet vil skal Sogn og Fjordane Energi framleis vere eit sjølvstendig selskap. Foto: Eikeseth Nygjerd
Nytt

Børsdagen: Vil ikkje bli slukt

Kven skal kjøpe Eviny sin store aksjepost i Sogn og Fjordane Energi når fusjonen ikkje blir noko av?

19.11.2024

Eviny er fem gangar større enn Sogn og Fjordane Energi. 

Styret i den største eigaren i Sogn og Fjordane Energi (SFE) vil ikkje ha samanslåing med Eviny (tidlegare BKK), og også SFE-styret frårår ei samanslåing.

Det er ingen tvil om kven som er storebror av dei to. Ifølgje ein rapport KPMG har laga som grunnlag for samtalane om ei eventuell samanslåing av dei to energiselskapa, er eigenkapitalverdien av Eviny omlag 61 milliardar kroner. SFE er verdsett til 11,8 milliardar. 

Den økonomiske tyngdelova vil uungåeleg føre makt som no ligg i SFE-hovudkvartert på Sandane i Gloppen kommune, til Eviny-hovudkontoret i Bergen dersom det blir en fusjon. 

Dagens hovudaksjonær i SFE, Sogn og Fjordane Holding, ville blitt ein liten eigar i eit større selskap. 

Slike faktorar tel også når slike samanslåingar blir vurdert.

No skal generalforsamlinga i Sogn og Fjordane ta den endelege avgjerda. Slik det ser ut no, vil det vere overraskande om den vil gå inn for samanslåing.

Vil selge aksjane
Eviny-sjefen har tidlegare tysdag sagt at det naturlege steget for Eviny - dersom det ikkje blir noko samanslåing - er å selje seg ut av Sogn og Fjordane Energi.

Spørsmålet då er kven som vil, og kan kjøpe. For det er i så fall store verdiar som skal skifte eigar. 

Eviny er neste største eigar i SFE, med knappe 37 prosent av SFE-aksjane. Det utgjer 4,4 milliardar i eigenkapitalverdi på aksjeposten, om vi tek utgangspunkt i verdivurderinga KPMG. har gjort.

Sogn og Fjordane Holding eig 49,5 prosent av Sogn og Fjordane Energi. 

Sogn og Fjordane Holding er eigd av fleire kommunar i tidlegare Sogn og Fjordane fylke, i tillegg til at Vestland fylkekommune eig 20 prosent av selskapet.

Sogn og Fjordane Energi er ikkje børsnotert, men har børsnoterte obligasjonslån. 

Børsdagen  
   
SelskapKurs i kroner%-Endring i dag
   
Arctic Bioscience2,14 7,00 %
Endúr62,90 3,62 %
Havila Shipping2,69 3,46 %
Golden Energy Offshore Services24,50 2,51 %
Sparebanken Møre94,32 1,20 %
Hexagon Composites45,05 0,45 %
Hav Group8,50 0,24 %
Romsdal Sparebank123,98 -0,02 %
Salmon Evolution6,67 -2,34 %
Havila Kystruten0,49 -2,81 %
Atlantic Sapphire0,08 -3,38 %
Norva 24 Group*26,15-4,91 %
Hofseth Biocare1,35 -5,26 %
Hexagon Purus5,07 -7,82 %
* Kurs i SEK  

Publisert: 19.11.2024 16:46

Sist oppdatert: 19.11.2024 17:20

Mer om