Bent Martini foto marius
GOD START: Havila Kystrute-sjef Bent Martini kan gle seg over oppgang på børsen torsdag. Heile reiarlaget er likevel prisa til om lag 630 millionar kroner. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Børsdagen: Året starta med rakettoppgang

Dei fleste pilene peika opp på første handelsdagen i 2025.

Marius Rosbach
02.01.2025

Sjå børstabell for Nordvestlandet under 

Hovudindeksen på Oslo børs skaut oppover torsdag. Bakgrunnen er oppgang i internasjonale olje- og gassprisar.

Då handelen stengte var kursane opp 2,32 prosent til 1458,15 poeng – det høgaste sidan starten av desember i fjor. 

Tungvektarar som Equinor, Aker BP og Frontline var mest omsett og alle var opp kring fem prosent eller meir. Kongsberg Gruppen var einaste av dei mest omsette aksjane på Oslo børs med verdifall på første handelsdag i 2025.

Dei fleste børsnoterte selskapa frå Nordvestlandet starta også året med kursauke. Berre tre aksjar frå regionen var i minus då handelen stengte - Sparebanken Møre, Romsdal Sparebank og Hexagon Composites (sjå tabell under). 

Fjoråret sett under ett, var sistnemnte mellom vinnarane i løpet av fjoråret, ifølgje Nett No sin årlege børsoppsummering

Største auke på slutten av dagen hadde Havila Kystruten, med ein oppgang på 8,73 prosent. Sluttkursen på 0,76 kroner prisar heile reiarlaget til kring 700 millionar kroner. 

Børstabell for Nordvestlandet:

SelskapKurs i kroner%-endring i dag
Havila Kystrutenkr                   0,76 8,73 %
Arctic Biosciencekr                   1,92 4,92 %
Hofseth Biocarekr                   1,75 2,94 %
Hexagon Puruskr                   5,75 2,68 %
Norva 24 Group*27,05 kr  2,46 %
Atlantic Sapphirekr                   0,09 2,09 %
Hav Groupkr                   6,40 1,91 %
Havila Shippingkr                   1,73 1,76 %
Salmon Evolutionkr                   6,78 1,50 %
Endúrkr                70,30 1,30 %
Golden Energy Offshore Serviceskr                19,60 0,00 %
Sparebanken Mørekr                95,98 -1,05 %
Romsdal Sparebankkr              123,54 -1,47 %
Hexagon Compositeskr                44,40 -2,42 %
* Kurs i SEK  
   

Publisert: 02.01.2025 15:45

Sist oppdatert: 02.01.2025 16:48

Mer om