Endúr-aksjen har nesten dobla seg i verdi i løpet av 2024 og Hexagon Composites har stige over 57 prosent.
Det er hovudårsaka til at den samla verdien av dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet steig frå 26,3 til 30,4 milliardar kroner i løpet av 2024. Det er første oppgang etter tre år på rad med nedgang i den samla børsverdien.
Endúr er eit industri- og ingeniørselskap som mellom anna eig Artec Aqua i Ålesund. Artec Aqua er spesialist på å teikne og prosjektere landbaserte oppdrettsanlegg. Grunnleggarane av Artec Aqua - Bjørn Finnøy, Bjørnar Flem og Victor Fiveland, eig 17,89 prosent av Endúr gjennom selskapet Artec Holding.
Ved utgangen av 2024 er Endúr verdsett til 2,6 milliardar kroner, løfta av auka ordreinngang og betre utsikter både for Artec Aqua og resten av verksemda.
Hexagon Composites lagar tankar og system for bruk av natur- og biogass som energikjelde, mellom anna i bussar, lastebilar, i industri og anlegg. Knut Flakk og familien i Ålesund er nest største eigar med knappe 11 prosent av aksjane.
Selskapet er verdsett til 9,6 milliardar kroner.
I og med at begge var blant selskapa med høgast børsverdi ved inngangen til 2024 slår også kursauken i år mykje ut på samanlagtverdien av selskapa på Nordvestlandet ved utgangen av 2024.
Grønt fall
Av dei seks selskapa som er verdsett til over to milliardar kroner er det berre Hexagon Purus som har hatt eit vesentleg kursfall i år, der verdien er omlag halvert (sjå tabell).
Hexagon Purus lagar tankar og system for bruk av hydrogen som energiberar og leverer batteriløysingar. Det var skilt ut frå Hexagon Composites - som framleis er største aksjonær - og børsnotert i desember 2020, då forventingane til alt som kunne kallast grønt og miljøvenleg var høge på børsen. På topp, like etter børsnotering, var aksjekursen oppe i over 80 kroner. I dag er forventingane til lønsemda for slike selskap vesentleg redusert, og det har mellom anna slått ut i aksjekursen.
Små verdiar
Dei andre selskapa som har falle mykje i verdi målt i prosent - som Atlantic Sapphire, Havila Shipping, og Arctic Bioscience (sjå tabell) - hadde i utgangspunktet ikkje så høg verdi målt i kroner og kursutviklinga deira har dermed mindre å bety for utviklinga av samanlagtverdien.
Eit emisjonsvarsel i august 2024 utløyste nok eit kursfall for Atlantic Sapphire. Ei etterkvart lang historie med ulike tekniske og biologiske problem, ei forseinka utbygging av det landsbaserte oppdrettsanlegget ved Miami i Florida og ei lang rekkje emisjonar for å fylle på med friske pengar har tæra på tilliten i aksjemarknaden. Der er mindre enn fire år sidan kursen var oppe i over 200 kroner aksjen. Då børsen stengte for året i går ettermiddag var den 0,0911 kroner aksjen, og selskapet var verdsett til 653 millionar kroner.
Til samanlikning er Salmon Evolution, som driv landbasert oppdrett på Indre Harøy på Romsdalskysten, verdsett til 3,1 milliardar kroner.
Hos Havila Shipping blir deler av gjelda gjort om til aksjar no ved årsskiftet og eksisterande eigarar - med unntak av hovudaksjonæren Havila Holding - sin eigarandel blir kraftig utvatna. Omgjeringa av gjeld til aksjar blir gjort som ein del av ein refinansieringsavtale inngått i 2020. Avtalen har vore fortalt om frå Havila Shipping mange gongar, men konsekvensen i form av utvatning såg ikkje ut til å bli fullt ut forstått i aksjemarknaden før i år.
Arctic Bioscience arbeider med å utvikle ein medisin mot hudsjukdomen psoriasis. Medisinen er basert på silderogn. Dei første testresultata frå ein stor internasjonal studie kom i haust, og var nedslåande for selskapet. Studien er naudsynt som ein del av prosessen på veg mot ei eventuell legemiddelgodkjenning. Problemet for Arctic Bioscience var at testresultata var gode også for dei testpersonane som berre fekk eit middel utan virkestoff frå Arctic Bioscience. Det var eit stort vonbrot for selskapet og aksjonærane, som såg kursen stupte straks meldinga kom. Den medisinske studien varer eit heilt år og håpet for selskapet er at dei endelege resultata skal vere meir avklarande og positive når dei kjem i første halvår 2025.
Færre selskap
Børsen si betydning for næringslivet på Nordvestlandet har krympa dei siste åra, og det har ikkje vore nye børsnoteringar sidan 2021.
Vi skal ikkje så mange år attende før både skipsbyggingskonsernet Vard, møbelprodusenten Ekornes og Fjord1 var børsnoterte selskap - Vard i Singapore, Ekornes og Fjord1 i Oslo.
I åra 2020-2021 fekk Nordvestlandet fleire nye selskap på børsen; Hexagon Purus (2020), Salmon Evolution (2020), Romsdal Sparebank (2020), Nortel (2020) Havila Kystruten (2021), Norva24 (2021), Statt Torsk (2021), Arctic Bioscience (2021) og Hav Group (2021).
Etter det har ikkje fleire nordvestlandske selskap gått på børs, og lista over børsnoterte selskap med adresse eller sterk og dominerande tilknytning til Nordvestlandet har krympa: Mobiltelefonselskapet Nortel blei kjøpt opp og tatt av børs i 2024, torskeoppdrettselskapet Statt Torsk blei slått saman med Vesterålen Havbruk og tatt av børs i januar 2024. Eqva, tidlegare Havyard, vedtok på ei ekstraordinær generalforsamling i romjula 2023 at hovudkontoret skulle flyttast frå Fosnavåg til Kvinnherad. Selskapet selde tidlegare i 2023 skipsverftet Havyard Leirvik, og all verksemda til selskapet er no i Sunnhordland og Bergensområdet.
Børsåret 2024 | |||
Utviklinga for børsnoterte selskap på Nordvestlandet | |||
Børsverdi I mill. kroner | Endring I prosent | ||
Hexagon Composites | 9558 | 57,55 | |
Sparebanken Møre | 4830 | 15,48 | |
Norva24 Group* | 4985 | 11,8 | |
Salmon Evolution | 3090 | -1,47 | |
Endúr | 2557 | 82,37 | |
Hexagon Purus | 2331 | -51,17 | |
Hofseth Biocare | 670 | -35,31 | |
Atlantic Sapphire | 653 | -95,96 | |
Havila Kystruten | 599 | -5,15 | |
Golden Energy Offshore Services | 492 | -30,5 | |
Romsdal Sparebank | 349 | 5,36 | |
Hav Group | 220 | -32,47 | |
Havila Shipping | 40,4 | -68,46 | |
Arctic Bioscience | 46 | -82,57 | |
SUM | 30420,4 | ||
* Omrekna frå svenske kroner |
Publisert: 31.12.2024 05:00
Sist oppdatert: 30.12.2024 20:09