Børsdagen: Årsverste for Havila Shipping
Sjå børstabell for Nordvestlandet.
Sjå børstabell for Nordvestlandet under
Havila Shipping var taparen av dei børsnoterte selskapa frå Nordvestlandet fredag.
Kursen steig litt mot slutten av dagen, men ved 10-tida var aksjen verdsett til 3,55 kroner - det lågaste hitil i år. Børsverdien for reiarlaget frå Herøy har falle meir enn 30 prosent sidan årsskiftet.
Fallet tiltok i førre veke, då selskapet la fram tal for 4. kvartal i fjor og det blei kjent at ei kraftig utvatning kan vere på trappane ved årsskiftet.
Les også
Hexagon Composites og Hexagon Purus hadde størst oppgang av selskapa frå regionen.
Hovudindeksen på Oslo børs slutta med ein oppgang på 0,37 prosent til 1.279,23 poeng.
Børstabell for Nordvestlandet:
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Hexagon Composites | kr 19,94 | 3,69 % |
Hofseth Biocare | kr 2,28 | 3,64 % |
Hexagon Purus | kr 6,47 | 2,70 % |
Arctic Bioscience | kr 9,74 | 2,10 % |
Salmon Evolution | kr 6,16 | 0,65 % |
Golden Energy Offshore Services | kr 1,50 | 0,13 % |
Atlantic Sapphire | kr 1,07 | 0,00 % |
Statt Torsk | kr 0,53 | 0,00 % |
Romsdal Sparebank | kr. 119 | 0.00 % |
Sparebanken Møre | kr 87,60 | -0,51 % |
Hav Group | kr 10,95 | -1,35 % |
Endúr | kr 40,30 | -1,71 % |
Havila Kystruten | kr 0,66 | -2,35 % |
Norva 24 Group* | kr 24,70 | -2,56 % |
Havila Shipping | kr 3,74 | -3,48 % |
* Kurs i SEK | ||
Publisert: 08.03.2024 16:56
Sist oppdatert: 09.03.2024 00:42