Boersen starta opp etter rentekutt
Nytt

Børsen starta opp etter rentekutt

Etter den verste børsdagen på meir enn 30 år, gjekk det opp frå start fredag.

13.03.2020
(NPK-NTB-NETT.NO) Oslo børs reagerte positivt etter at Norges Bank fredag morgon kutta styringsrenta med 0,5 prosentpoeng til 1 prosent. Etter nokre minutts handel på Oslo Børs var hovudindeksen opp med over 2 prosent.
Børsen hadde kort tid etter opning gått opp over 4 prosent, men hovudindeksen gjekk deretter noko ned til rundt 2 prosent auke. Oppgangen kjem etter at Noregs Bank fredag morgon varsla at dei reduserer styringsrenta med 0,5 prosentpoeng til 1 prosent.

Verste børsdag på meir enn 30 år

Flyselskapet Norwegian, som hittil denne månaden har hatt ein nedgang på over 80 prosent, er blant aksjane som stig fredag. Torsdag stupte hovudindeksen ved Oslo Børs med nesten 9 prosent. Ifølgje Dagens Næringsliv vart torsdag dermed den verste dagen på Oslo Børs sidan 1987.
Sparebanken Møre var mellom aksjane som fekk hard medfart torsdag og enda ned med kring 15 prosent. Tidleg fredag hadde aksjeverdien stege med nær 4,5 prosent.

Kjem med fleire tiltak

Seinare fredag kjem regjeringa med ein rekke tiltak for å dempe dei økonomiske konsekvensane av koronapandemien. Både statsministeren, finansministeren, familieministeren og arbeids- og sosialministeren stiller på pressekonferansen fredag klokka 12.30.
(ekstern lenke)
Tidlegare i veka varsla statsminister Erna Solberg at dei mellom anna ville lempe på permisjonsreglane og betaling av formueskatten.

Ventar auka i permitteringar og arbeidsløyse

Noregs Banks neste rentemøte var i utgangspunktet torsdag neste veke. Men den kritiske situasjonen for økonomien i kjølvatnet av koronavirusutbrotet endra situasjonen og førte til rentekutt no.
– Noregs Banks oppgåve er å fremje økonomisk stabilitet. Det gjer vi gjennom å bidra til robuste og effektive betalingssystem og finansmarknader, og ved å tilpasse rentenivået til den økonomiske situasjonen, heiter det.
– På kort sikt vil aktiviteten i norsk økonomi bli redusert betydeleg som følgje av virusutbrotet. Mange bedrifter er allereie negativt påverka. Det har kome fleire varsel om permisjonar, og arbeidsløysa er venta å auke. Eit markert fall i oljeprisen bidreg òg til å svekkje dei økonomiske utsiktene, skriv Noregs Bank.

Blei bestemt torsdag

Avgjerda om det siste kuttet vart teken på eit ekstraordinært møte i sentralbanken 12. mars. Ho var samrøystes.
– Det er betydeleg uvisse om varigheita og konsekvensane av virusutbrotet, og det er ein risiko for eit markert tilbakeslag i økonomien, heiter det.
– Ei lågare rente kan ikkje forhindre at koronautbrotet får store konsekvensar for norsk økonomi. Det vil likevel kunne dempe tilbakeslaget og avgrense risikoen for meir langvarige konsekvensar for produksjon og sysselsetjing.

Publisert: 13.03.2020 12:18

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54