Havila Pollux og Havila Polaris sjøsetting Tersan foto Havila Kystruten11
REFINANSIERT: Havila Pollux og Havila Polaris i arbeid på Tersan-verftet i Tyrkia. Havila Kystruten har allereie to skip i Noreg og i mars neste år skal det siste av i alt fire skip vere i trafikk på gods- og passsasjerruta Bergen Kirkenes. Foto: Havila Kystruten.
Nytt

Børsdagen: Børsvinnar på avtale

Havila Kystruten fekk opptur etter nyheita om refinansiering av fire skip.

15.09.2022

Aksjekursen i Havila Kystruten steig 6,46 prosent i dag, etter at selskapet offentleggjorde at det har refinansiert alle fire skipa sine.

Refinansieringa er eit resultat av at selskapet hadde finansiert skipa gjennom det statlege russiske finansieringsselskapet GTLK, som blei omfatta av vestlege sanksjonar etter det russiske angrepet på Ukraina.

Hovudindeksen på Oslo Børs fall med 0,44 prosent og kursauken i Havila Kystruten var stor nok til berre 12 selskap på børsen hadde større kursauke i dag.

Havila Kystruten blei børsnotert i august 2021 og har på det høgaste vore handla til 25,80 kroner aksjen. Det var 20. januar i år. Botnnoteringa vart nådd 28. mars, med 16.02 kroner aksjen.

Dagens kurs, 18,95 kroner aksjen, verdset selskapet til 941 millionar kroner.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Havila Kystruten 18,95 6,46 %
Statt Torsk 2,24 2,75 %
Hexagon Purus 22,80 2,52 %
Sparebanken Møre 71 1,31 %
Hofseth Biocare 3,41 1,19 %
Hav Group 11,88 0,68 %
Golden Energy Offshore Services 2,25 0,45 %
Hexagon Composites 25,92 0,31 %
Salmon Evolution 8,78 -0,45 %
Havyard Group 3,32 -0,90 %
Endúr 27,05 -1,28 %
Norva 24* 31,295 -2,66 %
Havila Shipping 10,12 -4,35 %
Arctic Bioscience 14,2 -4,38 %
Nortel 20 -4,76 %
Atlantic Sapphire 15,53 -5,65 %
*Svenske kroner

Publisert: 15.09.2022 17:42

Sist oppdatert: 15.09.2022 22:24