Bent martini per sævik havila capella foto havila kystruten 11
SIKRA FINANSIERING: Havila Kystruten-sjef Bent Martini og styreleiar Per Sævik framfor Havila Capella ved verftet i Tyrkia. Foto: Havila Kystruten
Nytt

Havila Kystruten-avtale om ny finansiering

Har funne erstatning for sin russiske långivar.

15.09.2022

Sanksjonane mot Russland etter invasjonen i Ukraina råka også det statseigde russiske finansieringsselskapet GTLK, som var långivar til Havila Kystruten sin fire skip.

Artikkelen blir oppdatert

Den avtalen må Havila Kystruten fri seg frå for å kunne drive skipa. No har Havila Kystruten fått ei alternativ finansering for alle fire skipa på plass, skriv selskapet i ei børsmelding.

"Havila Kystruten har inngått avtaler om refinansiering av selskapet skip. Finansieringen utgjør samlet 370 millioner euro og dekker betaling til Tersan ved levering av Havila Polaris og Havila Pollux samt innløsning av eksisterende gjeld knyttet til alle skipene.", heiter det i meldinga.

På grunn av sanksjonane kan ikkje GTLK få attendbetalt lånet før saksjonane er oppheva. Inntil det skjer må pengane stå på ein sperra konto.

Ukjent långivar
Kven som er den nye långivaren er førebels ikkje opplyst:

"Avtalene er betinget av utarbeidelse og ferdigstillelse av lånedokumentasjon. Ytterligere detaljer om finansieringen vil bli offentliggjort deretter", heiter det i børsmeldinga.

Refinansieringa omfattar alle fire skipa, både dei to som alt er i Noreg og dei to som er under bygging i Tyrkia.

Under arbeidet med refinansieringsavtalen har Havila Kystruten også vore i kontakt med norske styresmakter.

- Vi er trygge på at vi har dei tillatelsane vi treng frå norske styresmakter, seier finansdirektør Arne Johan Dale.

Siste skip i mars 2023
Ifølgje børsmeldinga skal Havila Polaris starte i rutetrafikk seinast 29. desember i år og Havila Pollux skal i trafikk seinast 22. mars 2023.

I slutten av mai i år sa administrerande direktør Bent Martini at målet var å få ei ny langvarig finansiering innan to-tre månader.

Les også

Publisert: 15.09.2022 14:06

Sist oppdatert: 15.09.2022 14:43

Mer om