Cantor oktober 21 red 41
OSLO: Helge Bøe og dottera Therese Bøe Dyrø på veg ut av dei nye lokala i Parkveien 53A, rett bak Slottet. Foto: Cantor
Nytt

Veks vidare frå Oslo og Ålesund

Selskapet har spesialisert seg på økonomistyring, satsar i Ålesund og Oslo, og leverer stadig gode resultat.

22.03.2022

- Vi fortsetter trenden og leverer stabile og tilfredsstillande resultat.

Slik oppsummerer dagleg leiar og gründer Helge Bøe i Cantor resultata for 2021. Selskapet omsette då for 34,0 millionar kroner, 2,5 millionar meir enn året før.

Resultatet før skatt enda på solide 11,1 millionar kroner.

(saka held fram etter tabellen)

Cantor
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 34 31,5
Driftsresultat 10,5 8,8
Resultat før skatt 11,1 9,4

Nye lokale bak Slottet
Den utflytta stryningen har bygt opp eit selskap med ti tilsette, der fem er i Ålesund, og fem i Oslo.

- På Ålesundskontoret sit alle utviklarane våre, ein av seniorkonsulentane våre, ein på administrasjon og vår CTO.

- På Oslokontoret er resten av salsapparatet vårt gjennom seniorkonsulantene våre, opplyser Bøe.

I tillegg sit både han sjølv og dottera Therese Bøe Dyrø i lokala i Parkveien 53A, lokale som selskapet overtok i 2021.

Ulstein, Ervik og Alexandra
Cantor er eit spesialisert selskap som har lagt vekt på å ha spisskompetanse innanfor økonomistyring, konsolidering, budsjett, prognoser, likviditet og årsoppgjer.

Selskapet har på Nordvestlandet kundar som Ulstein, Ervik og Alexandra. På landsbasis er store selskap som Tine, Vy, Obos og NHO på kundelista.

Men nye kundar kjem til.

- Av nye kundar kan eg nemne Storebrand Livsforsikring, Tomagruppen, InfoCare, SuperOffice og Viking Assistance Group, skriv Bøe i ein epost til NETT NO.

Cantor 2
CANTOR: Helge Bøe har bygt opp Cantor til eitt av dei største norske selskapa på økonomistyring. Foto: Cantor

Effektivisere og automatisere
Han forklarer suksessen Cantor har hatt slik:

- Vi er tru mot målsetjinga om å vere langt framme og levere dei løysingane kunden vil ha, og dei løysingane dei enno ikkje veit at dei treng.

Han opplyser at selskapet har fokus på å effektivisere og automatisere, og har blant anna utvikla ei rekke grensesnitt mot web, og eit avansert rapporteringsverktøy for leiing gjennom Cantor BI.

Familieeigd
Derimot er det ikkje planar om å ekspandere.

- Størrelsen på organisasjonen og lokalisasjonane er i tråd med marknaden vår, og ønska samansetjing og plassering av fagmiljø.

Cantor er heileigd av Bøe-familien gjennom selskapet Hebco. Helge Bøe eig 50 prosent, kona Valborg 10 prosent, medan døtrene Therese Bøe Dyrø, Eirin Bøe og Stine Bøe eig 13,3 prosent kvar.

Publisert: 22.03.2022 16:01

Sist oppdatert: 22.03.2022 22:44

Mer om