Stranda hotell montasje stephen meinich bache foto classic norway 11
OPPGRADERING: Til neste sommar skal Stranda Hotel framstå som nytt innvending, seier dagleg leiar Stephen Meinich-Bache i Classic Norway Drift.Foto: Stranda Hotel/Classic Norway Drift
Nytt

Classic Norway satsar på Stranda

Molde-selskapet har tatt over drifta av Stranda Hotell. Eigarane av bygget investerer tosifra millionbeløp i å oppgradere hotellet.

16.08.2023

Frå og med i sommar er Stranda Hotel ein del av Classic Hotels Norway-kjeda og blir hotell nummer 12 kjeda har i NETT NO sitt dekningsområde (sjå tabell under).

Classic Norway-konsernet med base i Molde, skal drive hotellet gjennom datterselskapet Stranda Hotelldrift, medan selskapet Stranda Hotell held fram som eit reint eigedomselskap som framleis er eigd av Frode Håkon Kjølås, Kjetil Helge Nordang, Per Magne Grøndahl, Bjarte Tunold og Stig Jarle Rødseth.

Eigarane og drivarane kjem til å arbeide tett saman. Fellesareala i hotellet skal gjennom ei omfattande renovering og oppgradering der målet også er å ta i bruk og få inntekter frå deler av hotellbygget som i dag ikkje blir brukt.

Ti-tals millionar
Målet er at storparten av arbeidet skal vere gjort til neste sommar, og det er snakk om investeringar for "fleire titals millionar kroner", ifølgje dagleg leiar Stephen Meinich-Bache i Classic Norway Drift.

Det er investeringar som først og fremst skal gjerast av eigedomselskapet.

- Når vi er komne inn i 2024, vil hotellet framstå som nytt, i alle fall innvendig, seier Meinich-Bache. Planen er at også fasaden skal pussast opp etterkvart.

Patriot-investering
Eigarane av hotellet kjøpte det i 2014, og har også stått for drifta fram til Classic Norway kom inn som drivar i år.

- Hotellet er viktig for livet i Stranda. Her er det bryllaup, barnedåpar og liv og røre i helgane. Alle i bygda har eit forhold til hotellet. Heile sentrum ville ha vorte nokså dødt utan eit oppegåande hotell, sa Frode Håkon Kjølås etter kjøpet i 2014.

Eigarane har fått pussa opp stortparten av roma i hotellet og har også sikra at hotellet har kunne halde det gåande, sjølv om hotellselskapet har gått i minus kvart år sidan dei kjøpte det.

Kjølås, Grøndal, Tunold og Rødseth er også eigarar av Strandafjellet Skisenter, som eig og driv skianlegget på Strandafjellet.

Vekst-selskap
Classic Norway Holding-konsernet, med hovudkontor i Molde, auka driftsinntektene fra 257 til 367 millionar kroner frå 2021 til 2022.

Erik Berg og familien og Stein Erik Hagen og familien eig 46,335 prosent kvar, gjennom sine investeringsselskap Berg Invest og Canica.

Verksemda vart samla i eitt konsernselskap frå og med 2021. Konsernet eig dei fleste hotella i Classic Hotels Norway-kjeda i tillegg til å stå for drifta.

På plass på Stranda, Åndalsnes og Sæbø
Hotellet på Stranda er førebels det siste hotellet konsernet har innlemma i kjeda. Grand Hotel Bellevue på Åndalsnes kom inn i 2021 og Sagafjord på Sæbø i 2020.

Meinich-Bache seier kjeda gjerne veks vidare, men det må i så fall vere hotell som passar inn i kjeda.

- Vi skulle gjerne vore i Ålesund, men samtidig er vi veldig fornøgde med dei hotella vi har, seier han.

Vi skulle gjerne vore i Ålesund, men samtidig er vi veldig fornøgde med dei hotella vi har
Stephen Meinich-Bache
Classic Norway Holding-konsernet
Resultatoversikt over hotella i NETT NO sitt dekningsområde
Hotell (driftselskap) Driftsinntekt Resultat før skatt
2022 2021 2022 2021
Grand Hotel Bellevue (Åndalsnes) 38,3 30,3 7,3 4,7
Molde Fjordstuer 33,8 27,5 1,1 0,6
Gloppen Hotell 29,5 22,6 -4,3 -2,3
Angvik Gamle Handelssted* 24,8 25,1 0,7 1
Ona og Finnøy Havstuer 15,9 11,6 -3 -0,7
Valldal Fjordhotell 12,8 10,6 -0,5 -0,6
Håholmen 12 13,8 -4,2 -1,3
Sagafjord (Sæbø) 11,1 10,6 -1,7 -1,2
Hustadvika Gjestegård 8,6 6,6 -0,1 -0,6
Villa Utsikten (Geiranger) 6,9 5,1 0,05 0,2
Stranda Hotelldrift as
Bjorli Fjellstuer
Hotell (eigedomselskap) Driftsinntekt Resultat før skatt
2022 2021 2022 2021
Grand Hotel Bellevue (Åndalsnes) 7,2 6,3 5,4 4,7
Molde Fjordstuer 6,8 6,4 0,2 1,3
Gloppen Hotell 5,7 5,3 2,9 2,7
Bjorligard Hotell 3,7 0,4 2,2 -1,5
Ona og Finnøy Havstuer 2,9 2,3 -0,2 0,3
Håholmen 1,8 1,7 -1,7 -2
Villa Utsikten (Geiranger) 1,3 0,9 0,2 -0,1
Hustadvika Gjestegård 0,8 0,6 -1,2 -1,1
Sagafjord (Sæbø)
Valldal Fjordhotell
Angvik Gamle Handelsted*
*Classic Norway Drift eig 49 prosent i Angvik. Hotelldrift, som driv Angvik Gamle Handelssted. Stig Jacobsen sitt selskap, Handelshuset Angvik eig 51 prosent. For eigarselskapet er fordelinga 49,005/50,995
Sagafjord Drift, Valldal Fjordhotell og Stranda Hotell-bygga er eigd av selskap utanfor konsernet. Valldal Fjordhotell-bygget er eigd av Berg Invest
Classic Norway Holding as
Tal i mill. Kroner 2022 2021
Driftsinntekt 366,7 256,5
Driftsresultat 22,4 21,9
Resultat før skatt 5,3 11,3
Aksjonærar Eigarandel i prosent
Berg-Invest as 46,34 %
Canica as 46,34 %
Breiangen as 4,80 %
Oskar Sylte Invest 1,67 %
Rofisk as 0,44 %
Aakvik Holding 0,42 %

Publisert: 16.08.2023 05:00

Sist oppdatert: 28.08.2023 08:59

Mer om