1 f9c16aca db9d 4c8b 8310 48a4ceca40ab
KALD INVESTERING: Coast Seafood-selskap skal bygge der Avinor opphavleg ville bygge sjømatterminal på Gardermoen. Innfelt Coast Seafood-sjef Sverre Søraa. Foto: Ogne Øyehaug/Oslo Seafood & Cargo Center/Avinor.
Nytt

Coast Seafood-satsing på Gardermoen

Skal bygge kjølehotell på 4200 kvadratmeter.

15.03.2022

Coast Seafood-selskapet Oslo Seafood & Cargo Center skal bygge og eige eit kjølelager på 4200 kvadratmeter på Gardermoen. Lageret vil både auke kapasitet og effektivisere eksporten av fisk frå flyplassen. Det blir også ope for eksport av andre varer.

I 2019 bad dåverande samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) Avinor om meir informasjon om den planlaget sjømatterminal til 800 milionar kroner på Gardermoen.

Det var starten på ein prosess som til slutt førte til av terminalplanen vart lagt på is. No har Oslo Seafood & Cargo Center og Avinor blitt samde om ein avtale som gjer at Oslo Seafood & Cargo Center byggjer på deler av tomta.

Held på kulda
Oslo Seafood & Cargo Center sitt mål er byggestart i 2. kvartal i år og at det nye kjølelager skal stå ferdig før sommaren 2023.

Det 4200 kvadratmeter store bygget skal ha ein temperatur inne på mellom o og fire grader, og kunne handtere 90 flybrett (flytilpassa lastepallar) i timen. Bygget vil både auke kapasiteten og gjere det lettar å halde ei ubroten kjølekjede, fordi fisken kan haldast i nedkjølte rom lenger enn i dag.

Måløy-selskap
Oslo Seafood & Cargo Center er eigd av Coast Invest, som i sin tur er eigd av lakseeksportøren Coast Seafood i Måløy.

Det er enterprenørselskapet Svalinn i Bergen som skal bygge terminalen.

Dagleg leiar Roy Egil Skredderberget vil førebels ikkje seie kva bygget på Gardermoen vil koste. Han reknar med å ha prisen endeleg avklart om ein månads tid.

Publisert: 15.03.2022 11:03

Sist oppdatert: 16.03.2022 13:25