Cruise- og forsvarsoptimisme hos Fincantieri
Vard-verfta med uvanleg mange nye kontraktar i fjor og starten i år.
Det italienske Fincantieri-konsernet melder om ein venta passasjervekst på 45 prosent i den internasjonale cruisemarknaden fram til 2030, til 46 millionar passasjerar årleg.
Samstundes veks etterspørselen etter fartøy til forsvaret.
Fincantieri byggjer for begge marknadane, og ventar at også Fincantieri får fleire oppdrag framover.
I år ligg Fincantieri-konsernet, som også omfattar Vard-selskap i Noreg og utlandet, an til ein inntektsvekst på 4,5 prosent, og auka lønsemd. Det går fram av kvartalsrapporten for 1. kvartal.
Vard vaks mest
Utan cruiseskip i ordreboka er Vard-verfta per i dag opptekne med å byggje forsvar for vindkraft-, olje-, fiskeri og forsvar. Det er ei gruppe fartøy Fincantieri har plassert i forretningsområdet offshore og spesialskip, og som er ei reindyrka Vard-verksemd.
(Cruiseskipbygging er plassert i forretningsområdet skipsbygging og omfattar både større cruiseskip - som blir bygd hos Fincantieri-verft, og mindre cruiseskip - som kan byggast av Vard-verft, journ. anm.).
Kvartalsrapportene viser at det er forretningområdet offshore og spesialskip som hadde størst ordreinngang i første kvartal (sjå tabell under).
Ordreinngangen var rett nok større i første kvartal 2023, men uvanleg mange nye kontraktar i løpet av 2023 og i starten av 2024, gjer at ordrereserven til forretningsområdet offshore og spesialskip no er på 2088 millonar euro. Det er opp 12 prosent sidan 1. kvartal i 2023 og utgjer 24,4 milliardar kroner.
Fincantieri-konsernet | ||
Pr. 1. kvartal. i mill. Euro | 2024 | 2023 |
Driftsinntekt | 1767 | 1764 |
Driftsresultat før av- og nedskriving (ebitda) | 100 | 87 |
Forretningsområde skipsbygging | ||
Per 1. kvartal. i mill. Euro | 2024 | 2023 |
Driftsinntekt | 1338 | 1427 |
Driftsresultat før av- og nedskriving (ebtida) | 84 | 78 |
Ordreinngang | 141 | 252 |
Ordrereserve | 17.775 | 18.908 |
Forretningsområde offshore og spesialskip* | ||
Per 1. kvartal. i mill. Euro | 2024 | 2023 |
Driftsinntekt | 299 | 238 |
Driftsresultat før av- og nedskriving (ebitda) | 13 | 9 |
Ordreinngang | 498 | 533 |
Ordrereserve | 2.086 | 1.866 |
* Frå og med 2023 er Vard-verfta i Romania rekna inn i dette forretningsområdet. |
Nye oppdrag
Vard og Fincantiere har halde fram med å signere nye kontraktar etter første kvartal.
Blant dei er fire store cruiseskip for Norwegian Cruise Lines Holding og ein intensjonsavtale om ytterlegare fire - dei siste for levering mellom 2030 og 2036, med plass til 5000 passasjerar ombord på kvart skip.
Publisert: 14.05.2024 15:08
Sist oppdatert: 14.05.2024 17:35