Stian Græsdal 3 foto Ogne
FERDIG MED KORONA: Strandafjellet Skisenter hadde sitt nest beste besøk i vintersesongen 2021/2022 og ligg an til ein god sommarsesong, fortel dagleg leiar Stian Græsdal. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Cruisesesongen tilbake til 2019-nivå

Etter to år minusår på rad på grunn av pandemien, peikar pilene oppover for Strandafjellet Skisenter.

15.06.2022

Då påska 2020 sto for døra og Strandafjellet Skisenter rusta seg for årets aller travlaste og mest innbringande veke kom koronapandemien, og anlegget måtte stenge.

Både 2020- og 2021-reknskapet enda i minus, og forklaringa er først og fremst inntektssvikt på grunn av pandemien og smitteverntiltaka mot den.

Tilbake i pluss
I år ligg det an til pluss igjen både frå vinter- og sommarsesong, ifølgje dagleg leiar Stian Græsdal.

- Det er faktisk den nest beste vintersesongen vi har hatt, seier han om vintersesongen 2021/2022.

Vintersesongen endar i pluss trass i at høgare dieselprisar og mange snøfall gjorde at prepareringskostnadane steig.

Græsdal seier selskapet vil vurdere billettprisauke for å kompensere for høgare drivstoffkostnadar, men ikkje før det kjem ei avklaring om eventuelle endringar i drivstoffavgiftene når statsbudsjettet for neste år blir lagt fram til hausten.

Cruisevekst
Om sommaren er det cruiseturistar som tek gondolen opp til kaféen og utsiktspunktet på Roaldsfjellet som er den største inntektskjelda. Per i dag har selskapet booka inn omlag 20.000 besøkande cruiseturistar, omlag like mange som sommaren 2019.

Tommelfingerregelen for drifta på Strandafjellet er at sommaren står for ein tredjepart av inntektene, men to tredjepartar av resultatat før skatt.

Selskapa som driv heis, trekk og aktiviteten i anlegga på Strandafjellet har avvikande reknskapsår. Reknskapen følgjer skisesongen, frå 1. november til 31. oktober året etter. 2021-tala i tabellen viser resultatet for 2020/2021-sesongen.

Utvidar
I vintersesongen 2021/2022 fekk Strandfjellet Skisenter på plass eit nytt servicebygg med mellom anna større serveringskapasitet.

Frå juli i år er planen å drive servicebygget som vegkro med opningstid kvar dag, og deretter i helgane til ut på hausten.

I sommar utvidar Strandafjellet snøproduksjonanlegget på Roaldensida.

Strandafjellet Skisenter er eigd av trioen Frode Kjølås (i fiskeindustri-utstyrsprodusenten Seaside - som no er ein del av Optimar ), Per Magne Grøndahl og Bjarte Tunold (lakseforedlingsbedrifta Norsk Sjømat). Dei kjøpte anlegget frå kommunen i 2012.

Strandafjellet Skisenter as
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt16,612,8
Driftsresultat0,2-1,7
Resultat før skatt-1,4-3,6
Strandafjellet Restaurantdrift as
Tal i mill. kroner2021
Driftsinntekt
Driftsresultat-1,4
Resultat før skatt-1,4
Stranda Skiservice as
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt0,70,5
Driftsresultat0,04

-0,1

Resultat før skatt0,04

-0,1

Publisert: 15.06.2022 15:44

Sist oppdatert: 15.06.2022 15:59

Mer om