Stian Græsdal 2018 foto Ogne
MÅTTE STENGE: I det toppen av skisesongen i fjor sto for døra måtte dagleg leiar Stian Græsdal stenge Strandafjellet Skisenter av smittevernomsyn. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Koronanedtur på Strandafjellet

Smitteverntiltaka mot koronaepidemien barberte vekk ein fjerdepart av inntektene til Strandafjellet Skisenter i førre sesong.

08.09.2021

I det påska sto for døra i 2020 og bakkane og skiheisene skulle fyllest med folk måtte Stranda Skisenter stenge av smittevernomsyn, som resten av skisenterbransjen.

Konsekvensen av koronakrisa vises i reknskapen for 2020, driftsinntektene er ned ein fjerdepart samanlikna med førre sesong, og Strandafjellet Skisenter gjekk i minus etter tre år på rad med overskot.

(Strandafjellet Skisenter har avvikande reknskapsår. Reknskapen følgjer skisesongen, frå 1. november til 31. oktober året etter. 2020-tala i tabellen viser resultatet for 2019/2020-sesongen)

Snudde til pluss
Før Strandafjellet Skisenter gjekk i pluss i 2017 hadde selskapet gått med underskot kvart år frå 2006.

I desember 2012 kjøpte trioen Frode Kjølås (i fiskeindustri-utstyrsprodusenten Seaside - som no er ein del av Optimar ), Per Magne Grøndahl og Bjarte Tunold (lakseforedlingsbedrifta Norsk Sjømat) anlegget .

Etterpå har dei investert i å utvide kapasiteten i anlegget, både i snøproduksjonsanlegg, heis- og serveringskapasitet. Den siste investeringa er eit nytt servicebygg i dalbotnen, ved foten av skiheisene.

Hytteboom
Samstundes som kapasiteten ved skisenteret er blitt større har det vore ein langvarig byggeboom av hytter og fritidsbustadar i nærleiken av anlegget.

Strandafjellet Skisenter as, saman med Ronja Capital II (Halsebakkfamilien) og Nordang Holding (Kjetil Helge Nordang) er sjølv ein aktør i byggeboomen, gjennom selskapet Blådalslia.

Blådallia skal bygge inntil 250 bueiningar, 55 hytter og resten leilegheiter.

Strandafjellet Skisenter as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekt12,817,4
Driftsresultat-1,72,7
Resultat før skatt-3,51,0

Reknskapsåret går frå 1/11 til 31/8

Publisert: 08.09.2021 09:28

Sist oppdatert: 08.09.2021 09:29