D dag for Heroey
VIKTIGE BIDRAG: Per Sævik og Stig Remøy saman med Olav Thon under opninga av nytt hotell i Fosnavåg i oktober 2014. Sævik og Remøy gjekk inn som 45 prosent eigarar kvar av hotellet gjennom Fosnavåg Vekst, i tillegg til å sikre kommunen mange millionar i kompensasjonsinntekter etter auken i arbeidsgivaravgifta i 2004.
Nytt

D-dag for Herøy

I løpet av dagen kan framtida for både Havila Shipping og Olympic Ship blir avklart.

23.11.2016
Klokka 13.00 i dag startar obligasjonseigarmøta i Havila Shipping, der eigarane skal stemme ja eller nei til refinansieringsframlegget frå selskapet.
Eigarane av minst to tredjepartar i kvart av låna må seie ja, ellers blir framlegget avvist. Då er konkurs eit sannsynleg alternativ, i følgje selskapet sjølv.

Olympic Ship sin siste offentleggjorde frist for å finne ei refinansieringsløysing gjekk ut fredag i førre veke, men etter det NETT NO erfarer vart den reelle fristen flytta til i går. Dermed kan det ventast ei avklaring om kva som skjer vidare i dag.

Viktige selskap

Det er viktige selskap for Herøy kommune som er i spel. Først og fremst i form av arbeidsplassar og skatteinntekter som følgjer med.
Men offshorereiarlaga har også spelt ei viktig rolle i å sikre at Herøy kommune har både badeland og hotell. Herøy var tidlegare ei kommune med lavare arbeidsgivaravgift enn naboane. Då EØS-avtalen gjorde at Noreg vart tvinga til å sette like avgift i nesten heile landet, fekk blant andre Herøy kompensasjon frå staten for auken i arbeidsgivaravgifta.
No er statlege styresmakter i ferd med å stramme inn på ordninga, men på topp i 2013 fekk kommunen tilført 41 millionar kroner som kompensasjon.
Pengane kan ikkje gå rett i kommunekassa og brukast til å finansiere drift. Regelverket krev at overføringa skal gå til investeringar, og i Herøy løyvde kommunestyret pengar etter innstilling frå Herøy Næringsforum. Med direkte støtte frå reiarlaga i tillegg har Herøy fått kultur- og aktivitetstilbod det i beste fall ville tatt mykje lengre tid å realisere.

Fire reiarlag å takke

Fire reiarlag var å takke for rundt 90 prosent av kompensasjonmidla i 2013, sa dagleg leiar Geir Idar Kvalsvik i Herøy Næringsforum til NETT NO i 2013.

Det var Havila Shipping, Olympic Ship, Bourbon Offshore og Rem Offshore. Kompensasjonsmidla er knytt til tallet på tilsette, og den store veksten til reiarlaga gav store og aukande kompensasjonsmidlar i fleire år.
No er Rem Offshore i ferd med å bli ein del av Solstad Offshore og styringa av deler av REM-flåten blir flytta.
Dei tre andre er krympa selskap i høve til 2013, med færre tilsette og skip i opplag.

Struper pengestraumen

Samstundes som oljeprisfallet råkar Herøy i form av reduserte skatteinntekter frå reiarlag og offshore-sjøfolk strammar altså staten inn på kompensasjonsordninga for auka arbeidsgivaravgift.
Grunnen er mellom anna at arbeidsgivar-avgiftsauken vart innført i 2004 og at det no burde ho vore nok tid til å tilpasse seg ei auka avgift.
For 2016 er kompensasjonen til Herøy 19,8 millionar kroner, ned frå 34 millionar i 2015.

Etter 2018 vil regjeringa ta bort heile ordninga.

Publisert: 23.11.2016 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:04