Dansk drahjelp for Vendanor
AUKE: Harold Wieldraaaijer og teknikar Sten Johnsen ved Vendanor sin gassgrillbehaldar-automat. Neste år vonar selskapet å ha eit nytt produkt ute i marknaden. 
Nytt

Dansk drahjelp for Vendanor

Etablering i den danske marknaden har gått over all forventning for Vendanor.

17.07.2017
Stryne-selskapet sine automatar for gassgrillbehaldarar har fått bein å gå på.
Gjekk frå minus til pluss i og auka driftsinntektene frå seks til 17,7 millionar kroner i sitt andre driftsår.
I starten av 2016 hadde Vendanor på plass ein avtale med den danske gassleverandøren Kosan Gas. I første omgang var kontrakten på leveringa av 20 automatar, og til saman 10 millionar kroner over to år.

No har danskane og Vendanor-sjef Harold Wieldraaijer nettopp avklart neste leveranse.
- Eg hadde håpa på 35 (automatar, red. merk), så kom eg igjen med 72, seier Wieldraaijer.

Meir eksport

Så langt har Vendanor seld 220 automatar og er no inne i sitt tredje heile driftsår. Noreg er største marknad, med Danmark på andreplass. I Sverige har selskapet så langt seld 20 automatar, og ventar å nå 40 i løpet av året.
Innan neste år meiner Wieldraaijer at det er sannsynleg at Vendanor også har få sal til Storbritannia og Tyskland.

Nye produkt

Vendanor har utvikla ein automat der du kan levere din tomme propangassgrill-behaldar, og hente ein ny og full.
No er selskapet i gang med å utvikle eit nytt automatprodukt. Medan gassgrillbehaldar-automaten er retta mot forbrukarmarknaden er den nye automaten retta mot den profesjonelle marknaden.
Førebels vil Wiledraaijer ikkje seie meir om det nye produkter, ut over at selskapet håpar å ha det i marknaden neste år.

Knoppskyting

Vendanor blei etablert i 2013 og er eit resultat av knoppskyting i miljøet i bedriftene Nomek og Septik 24 i Stryn. Nomek eig 64 prosent av aksjane.

Eg hadde håpa på 35, så kom eg igjen med 72

Publisert: 17.07.2017 11:55

Sist oppdatert: 04.02.2022 15:00

Mer om