Dansk gjennombrot for Vendanor
GJENNOMBROT: Dagleg leiar Harold Wieldraaijer (t.v) i Vendanor budsjetterer med kraftig vekst. Ventar 50 millionar kroner i driftsinntekter i 2018. Til høgre serviceteknikar Sten Johnsen.
Nytt

Dansk gjennombrot for Vendanor

Vendanor i Stryn skal levere gassbehaldarar-automatar til den danske gassleverandøren Kosan Gas. Aukar arbeidsstokken. 

16.02.2016
Kontrakten er på 10 millionar kroner over to år, og betyr i første omgang levering av 20 automatar i år.
Vendanor har utvikla ein automat der du kan levere din tomme propangassgrill-behaldar, og hente ein ny og full.
No vil den danske gassleverandøren ha automatane som er utvikla av Stryne-bedrifta, og dagleg leiar Harold Wieldraaijer vonar kontrakten skal vekse seg til noko større.

Tok over

Kontakten mellom Kosan Gas og Vendanor kom i stand i mai i fjor. Då var danskane i samtalar med en fransk konkurrent av Vendanor, men satsa etter iherdig marknadsføring etterkvart på automaten frå Stryn.
I fjor selde Vendanor 35 automatar og hadde rundt seks millionar kroner i driftsinntekter i fjor, som var det første heile driftsåret.
No trur selskapet på vekst, og Wieldraaijer har nettopp auka staben med ein, og er i ferd med å tilsetje ein person til. I denne omgang er det snakk om å styrkje salsleddet, men i løpet av året trur han bedrifta og må auke bemanninga i produksjonen med to personar. Då kjem arbeidsstokken opp i åtte.
Budsjettet er på 20 millonar kroner i driftsinntekter i år, og 50 millionar i 2018. Når Vendanor det målet må arbeidsstokken opp i over 15 personer.

Knoppskyting

Vendanor blei etablert i 2013 og er eit resultat av knoppskyting i miljøet i bedriftene Nomek og Septik 24 i Stryn. Nomek eig 64 prosent av aksjane.

Fleire bedrifter er samla på same anlegg. Dei tilsette møter kvarandre i lunsjen og bedriftene har delvis felles eigarar.
- Vi har hatt ei rivande utvikling, og den hadde ikkje skjedd om vi hadde halde til fem kilometer frå kvarandre, sa medeigar og dagleg leiar Elias Loen i industriselskapet Nomek til NETT NO i fjor.

Publisert: 16.02.2016 06:00

Sist oppdatert: 04.02.2022 15:01

Mer om