Leif Magne Langset foto Ogne 1
SKIL LAG: Leif Magne Langset overtek datterselskapet Brødrene Langset frå Langsetkonsernet og skal eige det åleine. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Deler Langset Group

Leif Magne Langset sel seg ut av konsernet og tek med seg datterselskap.

23.12.2024

Det er Odd Arne Langset og Anders Langset som kjøper ut Leif Magne Langset sine aksjar i industri- og bemanningsselskapet Langset Group i Molde, fortel selskapet på Linkedin.

Som ein del av handelen tek Leif Magne Langset samstundes over datterselskapet Brødrene Langset, og døyper det om til Langset Solutions.

Det er ikkje opplyst kva aksjane i Langset Group og Langset Solutions (Brødrene Langset) er verdsett til.

Kosnernsjef Andreas Linde Lie i Langset Group skriv i Linkedin-meldinga at det er ulike ønskje om framtidige satsing som ligg bak oppdelinga.

Selskapa som no går kvar til seg skal halde fram med eit tett samarbeid, ifølgje meldinga.

400 tilsette
Langset Solutions har 400 tilsette og som arbeider for ulike bedrifter i olje- og gass- og maritim industri.

I 2023 hadde selskapet 82 millioner kroner i driftsinntekt og eit resultat før skatt på minus 3,1 millionar kroner.

To minusår
Industri- og bemannings-konsernet Langset Group i Molde fekk sitt andre minusår på rad i 2023, etter eit år prega av omstilling og rekonstruksjonsprosessar i tre datterselskap.

Framover ser det lysare ut. Ordrereserve og langsiktige strategiske prognosar tilseier at framdtidsutsiktene er gode heiter det i årsmeldinga for 2023.

Vi har sterk og lønsam vekst, skriv konsernsjefen i samband med meldinga om endringar på eigarsida.

Publisert: 23.12.2024 10:27

Sist oppdatert: 23.12.2024 15:04

Mer om