Deler ut 339 millionar kroner til bankkundane
RESULTAT; Konsernsjef i Sparebanken Vest, Jan Erik Kjerpeseth, set grøne krav til lånekundane.
Nytt

Deler ut 339 millionar kroner til bankkundane

Sparebanken Vest deler ut 112 millionar kroner i gåvemidlar, og vil låne mest til grøne bedrifter framover.

30.01.2020
– Det er viktig for oss at kundane våre får ta del i banken si verdiskaping. Derfor er det veldig kjekt at vi no kan gje endå meir tilbake til kundane, som faktisk er våre største eigarar, seier Jan Erik Kjerpeseth, konsernsjef i Sparebanken Vest, i ei pressemelding.
No skal banken betale ut mellom 100 til 16.000 kroner i årleg kundeutbytte, avhengig av kor mykje kundane har i lån og sparepengar.
– Den positive utviklinga dei siste åra er grunnen til at vi no er i posisjon til å utbetale kundeutbytte, seier Kjerpeseth.

Berekraft og klimarisiko

Sparebanken Vest melder om eit resultat før skatt på 625 millionar kroner for 4. kvartal 2019. Årsresultatet for 2019 enda på rekordhøge 2,6 milliardar, og gir ein eigenkapitalavkastning på 13,5 prosent.
Kjerpeseth seier at berekraft og klimarisiko er stikkord for 2020.
- Vi skal vere bransjeleiande på området.

Stiller konkrete krav

Banken opplyser at ein har sett seg ambisiøse, bransjespesifikke mål innanfor næringseigedom, fiskeri, småkraft, fiskeoppdrett og shipping.
– Klimarisiko handlar om kredittrisiko – det er risikabelt å låne pengar til bedrifter som ikkje tar det grøne skiftet på alvor, seier Kjerpeseth, i pressemeldinga.
No vil ein større del av utlåna ha konkrete krav.
– Vi baserer våre mål på at alle bransjer må omstille seg og vi vil bruke vår påvirkningsmakt til å byggje opp under det grøne skiftet. Det blir veldig viktig for næringar på Vestlandet å ta tidlege posisjonar for å sikre framtidig konkurransekraft.
- Vi skal først og fremst satse på vekst i dei framtidsretta næringane og på dei bedriftene på Vestlandet som satsar på grøn omstilling, seier Kjerpeseth.
Det er risikabelt å låne pengar til bedrifter som ikkje tar det grøne skiftet på alvor

Publisert: 30.01.2020 12:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:51