Hege Karete Hamre Sparebanken More foto Ogne
STØTTE: Hege Karete Hamre, Banksjef Næringsliv Søre Sunnmøre i Sparebanken Møre presenterer støtta frå banken til tre prosjekt i Volda. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Deler ut over 10 millionar

Sparebanken Møre med støtte til tre prosjekt i Volda.

30.01.2025

Banken støttar den planlagde utbygginga av det såkalla Aasenkvartalet ved Høgskulen i Volda gjennom pengar til tre ulike prosjekt. 

Det fortel Hege Karete Hamre banken på eit arrangement på Høgskulen i Volda i dag.

* Planen er å etablere eit såkalla Newtonrom i Aasenkvartalet. Hos NMK i Ålesung er det allereie et slikt rom, spesialbygd og utrusta for å lære elever natur- og realfag, mellom anna robotprogrammering, energi, bio- og genteknologi. Det prosjektet får fem millionar kroner i støtte. Støtta går til Volda kommune.

* Banken gir ein million kroner i støtte for å bygg ei kultur- og konferansenscende i Aasenkvartalet. Støtta går til Volda kommune.

* Høgskulen i Volda er med på eit samarbeid knytt til ei søknad om å etablere eit nasjonalt senter for kunstig intelligens. Sparebanken Møre gir 4,2 millionar kroner i støtte til ei stipendiatstilling ved Høgskulen i Volda knytt til søknaden. Norsk Regnesentral, Sintef og Universitetet i Oslo står i spissen for søknaden om å etablere eit slikt senter. Støtta går til Høgskulen i Volda.

Publisert: 30.01.2025 13:47

Sist oppdatert: 30.01.2025 21:42

Mer om